Avdelingsleiar småtrinnet Eidet skule
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 Vatne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar småtrinnet Eidet Skule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst å bli ein del av leiargruppa på Eidet skule i Haram kommune? Vi søkjer etter avdelingsleiar på småtrinnet i 100% fast stilling frå 1. august. Eidet skule er ein flott og heilt ny skule med omlag 410 elevar frå 1. til 10. trinn. Oppstart for skulen er i august 2025. Skulen ligg fint til mellom bygdene Vatne og Tennfjord ved foten av Ramnfloget med Eidet kulturhall og Ravn Stadion som næraste naboar. Vi har flotte fasilitetar med topp moderne undervisningslokale, spesialrom til alle fag, gode arbeidsrom, 1-1 dekning med IPad, elevkantine, amfi og bibliotek. Du kan vere med og skape ein skulekultur og innhald i den nye skulen til det beste for barn og unge i kommunedelen.
Skulen si leiargruppe består av rektor, assisterande rektor/avdelingsleiar ungdomstrinnet, avdelingsleiar mellomtrinnet, avdelingsleiar småtrinnet og SFO-leiar.
I kommunalområde barnehage og skule har vi fleire kommunale barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode, og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein del av skulen si leiargruppe og leie småtrinnsteamet og SFO i lag med SFO-leiar
- Leie og bidra i pedagogisk utviklingsarbeid gjennom lærande profesjonsfelleskap
- Ta del i arbeid med elevsaker på individ- og systemnivå
- Personaloppfølging og rettleie og motivere tilsette
- Leggje til rette for godt samarbeid mellom skule og heim
- Leggje til rette for godt tverrfagleg samarbeid med andre instansar
- Arbeide aktivt med å skape eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø
- Dagleg drift med mellom anna timeplanlegging, vikaransvar, gjennomføring og oppfølging av resultat på kartleggingar/nasjonale prøver
- Undervisning på trinnet
- Små og store arbeidsoppgåver som må løysast i kvardagen
Leiargruppa vil fordele oppgåver og ansvarsområde mellom seg og evaluere og justere for best mogleg drift
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaring frå grunnskulen
- Ønskjeleg med påbegynt eller fullført skuleleiarutdanning, eller ønskje om å ta slik utdanning
- God kunnskap om læreplan og engasjement for å arbeide med skuleutvikling gjennom å leie og delta i profesjonelle læringsfellesskap
- God kunnskap og erfaring i systematisk arbeid med klasseleiing, skulemiljøutvikling og Opplæringslova § 12
- God digital kompetanse både administrativt og gjennom god pedagogisk bruk av IKT med elevane
- Gode norskferdigheiter både skriftleg og munnleg
- Den som vert tilsett vil måtte framlegge tilfredsstillande politi- og tuberkulinattest
Personlege eigenskapar
- Trygg og påliteleg i rolla som leiar
- Er ein god relasjonsbyggjar, både med medarbeidarar, elevar og føresette
- Strukturert, sjølvstendig og god gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner, er løysingsorientert og bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Vere robust, fleksibel og uthaldande i ein hektisk arbeidskvardag
- Evne til å gjere dei rundt deg gode
- Du gir elevane omsorg, respekt, anerkjenning og forventningar
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei spanande leiarstilling der ein kan vere med å skape innhald og kultur i ein ny skule
- Løn etter kvalifikasjonar og gjeldande regulativ
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptatt av å saman skape eit trygt og godt
skulemiljø - God pensjonsordning gjennom SPK
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der svært mykje positiv aktivitet vert skapt
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48112398, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.noArbeidsstad
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4988767204
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 18.07.2025
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c0b063e7-4b78-44b8-937f-5ce1251f656f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c13f124e892747cca07701ba0fb8a3f6