Lærar
Hognestad skule, Time kommune
Hågenholen 1, 4346 Bryne
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Antall stillinger
2
I Time kommune, for tida Hognestad skule, er det ledig ei fast stilling som kontaktlærar på 4.trinn (100%) frå 1.12.23 og ei fast stilling som kontaktlærar på 2.trinn (80%) frå 1.1.24. Me søkjer deg som vil vera med på ein spennande arbeidskvardag, og vera med på utviklinga av Timeskulen framover. Siste års lærarstudentar blir oppmoda til å søkja.
Skulen ligg i landlege omgjevnadar ca 5 kilometer sør frå Bryne. Skuleåret 2023-2024 er det 64 elevar frå 1.-7. klassetrinn med om lag 16 tilsette. I tilknytting til skulen er eigen idrettshall som er aktivt i bruk på dag og kveldstid. Landskapet i nærområdet innbyr til gode moglegheiter for læring og aktivitetar også i friluft.
På Hognestad er foreldra og lokalmiljøet opptekne av skulen sin, og deltek med engasjement i samhandling med skulen.
Hognestad skule sine utviklingsområde er engelsk og motivasjon. Målet er at alle elevane skal oppnå sitt høgaste potensial, og at elevane skal vera aktive i undervisninga og i eiga læring. Skulen satsar i tillegg på tema som "Bygda vår" og "Skulehage".
Skulane i Time er ein del av Jærskulen, eit interkommunalt samarbeid om skuleutvikling saman med Hå, Klepp og Gjesdal. Hognestad er i leiarnettverk saman med Bryne skule, Orre skule, Tu skule og Varhaug skule.
På Hognestad skule har alle elevar og tilsette personlege læringsbrett som verktøy for å forsterka læring. Trinntrid og teamtid vert brukt til refleksjon og deling med fokus på læring.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar
- Sjå og møta den einskilde elev der han/ho er
- Arbeida systematisk for å få eleven til å oppleva meistring og framgang
- Samarbeida godt og spela på lag med andre
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for barneskule og gjerne erfaring frå grunnskule- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Har god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunna bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
- Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
- Du må lika utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Vi tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
- Nært samarbeid i ein organisasjon i utvikling
Kontaktinformasjon
Ingveig Nærland Ødegård, RektorArbeidsstad
Hågenholen 14346 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4711077676
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.10.2023
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442009
- Hentet fra
talentech
- Referanse
885f4c5580aa42c39ab9eabecfb4074f