Marknadskonsulent
Laboratorieklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Marknadskonsulent for primærhelsetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 24. august
Laboratorieklinikken i Helse Bergen er ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i landet. Vi ønsker å styrke satsinga vår, og søker derfor ytterlegare ein markedskonsulent til vårt kompetente team. Dette er ein spennande moglegheit for deg som vil vere med å vidareutvikle samhandlinga med primærhelsetenesta og andre brukarar av våre tenester. Vi er opptatt av å levere gode tenester til kundar som har høge krav og forventingar.
Laboratorieklinikken har over 900 tilsette fordelt på åtte einingar: Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi, Avdeling for patologi, Mikrobiologisk avdeling, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin, Avdeling for medisinsk genetikk, Biobank Haukeland, Seksjon for kreftgenomikk og Seksjon for bioinformatikk.
Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største sjukehuslaboratorium, og har rutine- og spesiallaboratorium innan dei fleste fagfelt. Vi har eit komplett laboratorietilbod til rekvirentane i vårt nærområde, og fleirtallet av fastlegane i Bergensområdet sender sine prøver hit. Vi er opptatt av å gi eit tilbod med raske og relevante svar og med høg fagleg kompetanse. Marknadskonsulenten har ei nøkkelrolle for god og effektiv samhandling med legekontora som sender prøvar til oss.
Alle laboratoria i Helse Bergen mottar dagleg prøvar med ulikt biologisk materiale til analysering og undersøking frå fleire hundre fastlegar i Bergen og omland. Det mottas og prøvar frå andre helseregionar. Stillinga er knytt til alle laboratoria i Laboratorieklinikken, og marknadskonsulenten er kontaktpunkt mellom kundane og desse.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av legekontor på vegne av alle laboratoria i Laboratorieklinikken
- Samarbeid med fastlegane og arrangere temakvelder for primærhelsetenesta
- Bidra til utvikling av tenesta og tilbodet retta mot primærhelsetenesta
- Bidra til å sikre kundetilfredsheit
- Delta i faglege nettverk i regionen
- Ha kontakt med alle laboratoria i Laboratorieklinikken og ha kunnskap om repertoar og etablerte tilbod
- Halde seg oppdatert på faglege forhold knytt til generell prøvetaking og prøvehandtering i felles prøvemottak
Kvalifikasjonar
- Autorisert bioingeniør eller anna relevant utdanning. Ønskeleg med minst 5 års erfaring frå arbeid i medisinsk laboratorium
- Det er ein fordel med erfaring frå marknadsarbeid og kundeoppfølging
- Erfaren brukar av dataverktøy
- God norskkunnskap både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt, hyggeleg, sjølvstendig og imøtekommande
- Effektiv og strukturert
- Initiativrik og løysingsorientert med evne til å gjennomføre avtalte oppgåver
- God evne til samarbeid og kommunikasjon
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale og gode pensjonsvilkår
- Eit travelt og triveleg arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Johanne Lind Aasen, Assisterende direktør Laboratorieklinikken, 55973119, johanne.lind.aasen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 4988795915
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Johanne Lind Aasen
Assisterende direktør Laboratorieklinikken
55973119
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c0253c49-1047-4000-a2e0-ec51225259c8
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f5a7db6cde7f4605b9c2484292ca6a77