Me søkjer etter ein omsorgsfull og engasjert helsefagarbeidar, som ynskjer å bidra til gode dagar for dei som har opphald i avdelinga vår.
Etne kommune Institusjon Avd. 2
Holmavegen 30, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar, 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 2. mai
Me i avdeling 2 søkjer deg som kan bidra med helsefagleg kompetanse, brennande engasjement og smittande godt humør som gjer arbeidsplassen til ein god stad å vera. Etne omsorgssenter er eit moderne bygg som er godt tilrettelagt med hjelpemiddel og høgteknologisk velferdsteknologi.
Arbeidsoppgåver
- Helsfagleg ansvar - og oppgåver i institusjon
- Dokumentasjon
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid og samarbeid med pårørande
Kvalifikasjonar
- Autorisert helsefagarbeidar
- Generell god digitalkompetanse og kan tilegna deg gjeldande fagsystem
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
Eigenskapar
- Fleksibel og robust
- Gode evner til samarbeid og kommunikasjon
- Godt humør
Me tilbyr
Gode pensjonsordningar som kan bety mykje gjennom livsløpet
Arbeidstidsordninga er årsturnus med kvar 2.- 4. helg
Me kan tilby lengre arbeidsperiodar etterfulgt av lengre periodar fritid
Fleksibel turnus, der deler av stillinga kan planleggast ut frå eige behov
Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
Varierte og spannande arbeidsoppgåver
Fokus på kvalitet og utvikling
God opplæring
Gratis parkering i parkeringsanlegg
Annan informasjon
Mellom stupbratte fjell, lange fjordar, knallgrøne enger og imponerande fossefall finn du vakre Etne. Ein liten kommune med 4000 innbyggarar og mange spennande arbeidsplassar. Med ca. 1 time til Haugesund, to timer til Stavanger og 3,5 timer til Bergen er me plassert midt i smørøyet mellom mange fantastiske turistattraksjonar og unike natur- og kulturopplevelser. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring.
Etne har eit godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske.
I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindelsar. Godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. Det er korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utandørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2921348
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3494305_222207_nn