Ettermiddagsvakt (20%)
Universitetet i Bergen
Haakon Sheteligspass 7, 5020 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ettermiddagsvakt (20%)
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 28. mai
Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wOm stillinga
Ved Universitetsbiblioteket (UB) er det ledig to faste 20% deltidsstillingar som ettermiddagsvakt (stillingskode 1070 sekretær) frå 11.08.2025 ved Bibliotek for humaniora, Seksjon for bibliotektenester.
UB er eit offentleg forskingsbibliotek. Våre samlingar spenner frå nye publikasjonar i digitale tidsskrift og faglitterære boksamlingar til eit rikhaldig spesialsamlingsmateriale. UB er organisert i fire funksjonsområder; Seksjon for bibliotektenester, Seksjon for utdannings- og forskingsstøtte, Seksjon for spesialsamlingar og Seksjon for tilvekst og system. UB har sju fysiske bibliotek plassert nær brukarmiljøa på campus. Stillinga er knytt til Seksjon for bibliotektenester og den fysiske førstelinja i biblioteka. Den som vert tilsett vil få tildelt eit fast bibliotek, men vil måtte tre inn som vikar på andre bibliotek ved behov.
I skrankevaktplanen inngår turnus på 1-2 vakter pr. veke og ei vakt om lag kvar femte laurdag. Arbeidstid er for tida om lag kl. 15.45 - 19.10 (15.00 - 19.10 i perioden 15.05- 14.09) på kvardagar, og 09.55 -16.10 på laurdagar. For tida er det lagt inn ei tenestefri periode frå medio juni til medio august, og frå medio desember ut månaden.
Stillinga lar seg kombinere med studiar og vi oppmodar studentar til å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Utlånsarbeid og rettleiing i skranke
- Sjekke returanlegg og tømme vognene
- Oppstilling av bøker/rydding i boksamlinga
- Førefallande arbeid etter avtale med fagleg leiar
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Fullført vidaregåande skule
- Gode språkkunnskapar i norsk (eller anna skandinavisk språk) og engelsk
- Generell IT-kompetanse
- Kjennskap til UiB og Universitetsbiblioteket er ein fordel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Fokus på service
- Vilje til fleksibilitet og evne til å arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Vi tilbyr:
- Løn som sekretær (kode 1070) kr. 394 100 – 428 100 (ved 100% stilling) i det statlege lønsregulativet etter kvalifikasjonar. I tillegg kjem ettermiddags- og laurdagstillegg.
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar kan ein få ved å vende seg til seksjonsleiar for bibliotektenester Trude Færevaag, e-post trude.ferevaag@uib.no, telefon 55586683/mobil 47804626, eller fungerande fagleg leiar Ellen Pauline Borch Veum, e-post ellen.veum@uib.no tlf. 55588196/mobil 414 55 856.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Universitetsbiblioteket (UB) yter tenester til forsking, undervisning, formidling og vitskapleg publisering ved Universitetet i Bergen. UB gjev studentar og vitskapleg tilsette tilgang til kunnskapskjelder, og gjev undervisning og rettleiing som har som mål å heva deira digital- og informasjonskompetanse. Vidare utviklar og driftar UB digital forskingsinfrastruktur, med særleg vekt på tenester som fremjar open vitskap. Les meir om UB her.
Sektor
Offentlig