Miljøarbeidstenesta treng deg
Etne kommune Miljøarbeidstenesta
Gjerdsrabbane 25, 5590 Etne, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut 100% - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 31. august
Me treng å erstatta ein av våre terapeutar som skal ut i permisjon. Tenesta er for innbyggjarar med særskilde behov som t.d. utviklingshemming, autisme, psykiske lidingar, kognitiv erverva skade mm.
Me er lokalisert i eit forholdsvis nytt bygg med 5 bustadear og to avlastningsbustadar som er knytt til personalbasen. Me gir og miljøarbeidstenester til andre som bur i kommunen. Det er lagt vekt på
kompetansebygging gjennom fleire år. Tenesta har ca. 7 årsverk fordelt på vernepleiarar, pedagog, bachelor i sosiologi og ca. 17 årsverk med fagarbeidarkompetanse. Me har fokus på godt arbeidsmiljø,
god kvalitet på tenestene, fagleg og personleg utvikling. Me har langvakter kvar 4. helg og noko langvakter i vekene.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidet er variert, med vekt på individuelt tilpassa tenester
- Driva aktivt miljøarbeid
- Primærkontakt oppgåver
- Koordinator oppgåver
- Gi bistand til bebuerar i dagliglivets aktivitetar
- Samarbeid med pårørande og kolleger
- Medikamenthandtering
- Rettleiing og opplæring av ansatte
- Laga og oppdatera tiltaksplanar
- Saksbehandling tilknytta Helse- og omsorgstenestelova
- Samarbeid med pårørande, kollegar og andre samarbeidspartnerar
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar med norsk autorisasjon.
- Sykepleiar med autorisasjon med relevant erfaring kan også søkja
- Andre med helsefaglegretta utdanning/fagbrev kan søkja
- Vernepleiar/sykepleierstudentar med relevant erfaring, som er i siste semester av utdanninga kan også søkja. Dette forutsett at du får norsk autorisasjon.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for tilsetjing i stillinga
- Søkjar må ha ordinært førerkort kl. B
- Norsk er arbeidsspråk i Etne kommune. Du snakkar, lesar og skriv så godt norsk at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgavene sjølvstendig.
Eigenskapar
- Me leitar etter deg som er løysningsorientert
- Som likar utfordringar
- Positiv, kreativ og fleksibel
- Har gode samarbeid/ kommunikasjonsevner
- Personlege og skikka eigenskapar vert sterkt vektlagt ved tilsetting
- Opptatt av å gje gode tenester til bebuerane hos oss
- God evne til etisk og fagleg refleksjon
- Godt humør
- Du fungerer godt i eit team, men kan også jobba sjølstendig og ta imot rettleiing
- Personleg eigenskap blir vektlagt
Me tilbyr
- 100 % vikariat frå 01.10.25 - 30.06.26
- Lønn blir fastsett i henhold til tariff og gjeldande avtalar
- Årsturnus med for tida langvakter, arbeid i bolk kvar 4. helg
- Ein utfordrande og spennande jobb i eit aktivt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass under utvikling som utfordrar og gir høve til fagleg og personleg utvikling
- Fokus på HMS-arbeid
- Ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA)
Annan informasjon
- Førarkort klasse B
- Godkjent politiattest ved tilsetting
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bfd26d96-b79f-4c0e-a19f-2deeabe44cd6
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3532591_214835_nn