Trusopplærar
Bremanger kyrkjeleg fellesråd
6721 Svelgen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Trusopplærar
Type ansettelse
Annet, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 17. mai
Send søknad til
Bremanger kyrkjeleg fellesråd har ledig 50% stilling som trusopplærar.
Bremanger kommune er ein kystkommune i Sogn og Fjordane med om lag 3.300 innbyggjarar. Kommunen har gratis barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv. Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Du finn informasjon om kommunen på www.bremanger.kommune.no. Informasjon om kyrkja finn du på www.bremangerkyrkja.no.
Vi ynskjer å tilsette ein person som saman med stab, sokneråda, og frivillege, kan vere med å løfte det kyrkjelege arbeidet fram, slik at vi kan famne bredt med våre tilbod.
Arbeidsoppgåver:- Saman med dei andre kyrkjelydsarbeidarane/trusopplærarane ha fokus på og jobbe med trusopplæringa i Bremanger, i hovudsak ytre del av kommunen, i sokna Frøya, Bremanger og Berle, men også i kommunen for øvrig.
- Ha ansvar for planlegging og gjennomføring av konfirmantarbeidet saman med prestane og dei andre kyrkjelydsarbeidarane.
Trusopplæraren vil inngå i teamarbeid med dei andre tilsette og ha påverknad i utforminga av stillinga.
Ynskja kvalifikasjonar- Vi legg vekt på personlege eigenskapar.
- Det er ynskjeleg med høgare utdanning innan pedagogikk og kristendom, men søkjarar med relevant utdanning eller utan formelle faglege kvalifikasjonar kan og vere aktuelle for stillinga.
- Du må vere sjølvstendig i ditt arbeid og ha evne til samarbeid.
- God til å formidle med ulike metodar som t.d. musikk, dans, drama og forteljing.
Stillinga vert lønna etter avtale. Tilsetjing skjer etter gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. Det er 6 månaders prøvetid for stillinga. Pensjonsordning gjennom KLP. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja og legge fram tilfredstillande politiattest (barneomsorgsattest). Du må disponere bil.
Kontorstad og utgangspunkt for stillinga vil være kyrkjekontoret i ytre Bremanger.
Dersom du er interessert, ta gjerne kontakt med kyrkjeverje Bjarki Hrafnsson på tlf. 917 06 595. e-post bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no eller fellesrådsleiar Ivar Qvale Hauge på tlf. 951 71 373.
Søknad med CV og rettkjende vitnemål og attestar sendast innan 17.05.2025 til:
Bremanger kyrkjeleg fellesråd, Postboks 104, 6721 Svelgen, eller e-post: bjarki.hrafnsson@bremanger.kommune.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Kontaktpersoner for stillingen
Ivar Qvale Hauge
Fellesrådsleiar
951 71 373
Om bedriften
Sektor
Offentlig