Hopp til innhold

Vil du vere med å utvikle framtidas tenester innan psykisk helse og rus?

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Stillingstittel
100% fast stilling som avdelingsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 9. april

Bjørnafjorden kommune søkjer ein tydeleg, strategisk og fagleg sterk avdelingsleiar til Avdeling for Miljø og aktivitet.

Om kommunen

Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og omlag 1 800 tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune med ei klar målsetjing: «Det gode livet for alle».

Hos oss får du ei leiarrolle der du verkeleg kan påverke utviklinga av tenester som gjer ein forskjell for både enkeltmenneske og for lokalsamfunnet.

Om avdelinga

Avdelinga har ansvar for samordning av ambulerande tenester og lågterskeltilbod til personar med utfordringar knytt til psykisk helse, rus og kvardagsmeistring. Tenestene er organiserte i tre fagteam og omfattar om lag 30 årsverk i eit sterkt og tverrfagleg miljø.

Vartun bustadoppfølging og lågterskeltilbod

Trygge rammer og målretta oppfølging som fremjar stabilitet og sjølvstende i eigen bustad. Tenesta omfattar mellom anna samtalar, varme måltid, sosialt samvær, utdeling av reint brukarutstyr og medisinering i samband med legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Ambulerande helsehjelp

Heilskapleg oppfølging i eigen bustad til menneske med samansette utfordringar innan rus, psykisk helse og livsmeistring, med mål om å auka meistring og livskvalitet.

Livskvalitet

Lågterskeltilbod med dagsentra (Kontakto, Ung Kontakto og Fjordtreff), arbeidstrening og aktivitetar som klatring, gatefotball, terapiriding, ski- og sykkelverkstad og kaffibrenneri.

Om stillinga

Som avdelingsleiar blir du ein sentral del av leiargruppa i eininga og vil samarbeide tett med tre fagleiarar. Du får det overordna faglege og administrative ansvaret, og personalansvaret for avdelinga.

Arbeidsoppgåver
  • Overordna fagleg, administrativt og personalmessig ansvar
  • Leie utviklings- og endringsarbeid i tråd med kommunale mål og lovverk
  • Sikre god ressursstyring, budsjettoppfølging og turnusplanlegging
  • Rettleie fagleiarar og bidra til godt arbeidsmiljø og fagleg kvalitet
  • Styrke samhandling internt i kommunen og med samarbeidspartnarar som spesialisthelsetenesta, NAV og frivillig sektor
  • Fremje brukarmedverknad, tidleg innsats og helsefremjande arbeid
Kvalifikasjonar
  • Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag (t.d. sjukepleie, vernepleie eller sosialt arbeid). Anna relevant utdanning kan vurderast
  • Erfaring frå arbeid med psykisk helse og/eller rus
  • Vidareutdanning innan psykisk helse- eller rusarbeid er ein fordel
  • Leiarerfaring, gjerne kombinert med formell leiarutdanning er ønskeleg
  • Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein leiar som:

  • Tydeleg og inkluderande leiarstil som skaper tillit og utvikling
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
  • Strukturert og robust i krevjande situasjonar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr
  • Ei meiningsfull leiarstilling med utviklingsmoglegheiter
  • Eit engasjert fagmiljø og høve til å påverke tenesteutvikling
  • Løn etter gjeldande avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gratis parkering
  • Ein variert arbeidskvardag der du kan gjere ein konkret forskjell

Attester og vitnemål skal takast med til eventuelt intervju.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bf565534-9984-4cd5-bc01-0ff45dcbbf20

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

455937285

Lignende annonser

Laster lignende annonser