Sjukepleiar - vikariat i 100% stilling
Geiranger distrikt, Stranda kommune
Maråkvegen 36, 6216 Geiranger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - vikariat i 100% stilling
Oppstart
14. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 7. mai
Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.
Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov.
Geiranger omsorgssenter har ledig vikariat i 100% stilling som sjukepleiar for tidsrommet 14.05.25 - 31.12.25, med muligheit for forlenging.
Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiefagleg ansvar
- Pleie og hjelp til brukarane
- Betjene legevaktssatelitt
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å tilsetje helsefagarbeidar eller pleieassistent midlertidig
Personlege eigenskapar
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Evne til å samarbeide med andre
- Fagfokusert
- Positiv og imøtekomande
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø med positive og engasjerte kollegaer
- Varierte arbeidsoppgåver
- Mogelegheit til å påverke eigen arbeidskvardag Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige med inntil kr.10 000/mnd for ein tidsavgrensa periodeBruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183Arbeidsstad
Maråkvegen 366216 Geiranger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4958429257
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 14.05.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 07.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Jelle
Einingsleiar
+47 46411183
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2922410
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6f49635f6f1c49d6b593b4b0639c03e2