Innbyggartorg og bibliotek
Øygarden kommune Kultur og innbyggardialog
Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Kulturarbeidar 70% fast
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. juli
Om avdelinga:
Vi søkjar etter deg som har lyst til å væra med på å utforma framtidas innbyggjartorg og bibliotektilbod. Liker du å væra kreativ og å halda alfabetisk orden på hyller? Veit du forskjellen på Manga og Mankell? Har du lyst til å skapa interesse og engasjement for alt frå klassisk litteratur til dataspel? Likar du å ha ein arbeidskvardag med variasjon og sjølvstende? Då har me kanskje jobben for deg.
Øygarden innbyggartorg og bibliotek treng å erstatte vår kulturarbeidar som går av med pensjon til filialen vår på Rong. Vi er eit desentralisert tilbod, lokalisert på tre stader i kommunen. Du vil vræa ein del av eit lag på 12 tilsette som saman leverer kulturopplevingar og informasjon til kommunen sine innbyggjarar.
Arbeidsoppgåver:
- Publikumsrettleiing
- Formidling
- Samlingsarbeid
- Arrangementsplanlegging og -gjennomføring
- Merking og registrering av materiale
- Halda orden i lokala og i samlinga
Kvalifikasjonar:
- Interesse for kulturformidling
- God formuleringsevne på norsk og engelsk
- Ordenssans
- Bibliotekfagleg utdanning
- Erfaring frå liknande arbeid
Utdanning og erfaring må dokumenterast med vitnemål og attestar. (Dokumentasjonen medbringes på intervju.)
Eigenskapar:- Initiativrik og allsidig
- Kreativ
- Likar å formidle
- Evne til å samarbeide med lag, foreiningar, kommunale tenester og andre frivillige organisasjonar
Arbeidsstad er hovudsakleg på Rong, men med 1 dag i veka på Straume. Det er derfor særs fordelaktig at du har sertifikat og disponerar bil dersom du ikkje bur i nærleiken.
Stillinga vil inngå i ein fast arbeidsrytme der ein vil arbeida kveldar på Rong på torsdagar og ein laurdag i månaden på Straume.
Freistar det med ny jobb i Øygarden kommune? Søk då vel!
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar for innbyggartorg og bibliotek: Yngvild Marie Kaarbø Wiese, yngvild.wiese@oygarden.kommune.no, tlf. 47461611
Kultursjef Marian Guddal Hansen : marian.hansen@oygarden.kommune
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Marian Guddal Hansen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bf415aeb-0809-43a7-b6fd-f7e9e4b349d2
- Sist endret
25. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3641157_210189_nn