Lærar (vikariat)
Larsnes Oppvekstsenter, Sande kommune
Vardane 20, 6084 Larsnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar (vikariat)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Oppvekst og kultursektoren vår har ei felles målsetting om å skape gode oppvekstvilkår for borna i Sande. Vi har fokus på god overgang mellom barnehage og skule, og eit trygt og inkluderande læringsmiljø for alle. Dette gjer vi mellom anna gjennom PALS, BTS og kjerneverdiane våre; respekt, ansvar og omsorg. Kommunen har tre skular, lokaliserte i Gursken, Larsnes og Kvamsøya.
Vi har ledig 100 % vikariat frå og med 01.08.2025 ved Larsnes skule. Vikariatet varer i første omgong fram til 31.12.2025 med moglegheit for forlenging. Skulen har omlag 70 elevar frå 1.-7. trinn og SFO.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre undervisning på barnetrinn og/eller ungdomstrinn
- Kontaktlæraroppgåver
- Tett dialog og skule-heim samarbeid
- Ta del i å utvikle eit trygt og godt læringsmiljø
- Delta i utviklingsarbeid ved skulen og i kommunen
Kvalifikasjonar
- Du har godkjent lærarutdanning ved høgskule eller universitet, med 60 studiepoeng i pedagogikk og minst 180 studiepoeng i relevante undervisningsfag.
- Erfaring frå spesialpedagogisk arbeid er ønskeleg
- Våre lærarar må ha god evne til munnleg og skriftleg framstilling. I sandeskulen nyttar vi nynorsk som målform. Kommunen nyttar nynorsk til all skriftleg kommunikasjon.
- God IKT-kompetanse
Personlege eigenskapar
- Du har eit positivt elevsyn og evne til å bygge gode relasjonar
- Du er nytenkande og opptatt av pedagogisk utviklingsarbeid
- Du samarbeider godt både med kollegaer og føresette
- Du er påliteleg, ansvarsbevisst og fleksibel
- Du er ein god rollemodell
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde. Vi ynskjer ein medarbedar som vil bidra til å skape eit godt klima, både for elevane og for kollegaer.
Vi tilbyr
- Tilsetjing og løn i samsvar med lov-og avtaleverk
- Gode pensjonsordningar
- Jobb i eit positivt og inkluderande miljø
- Ein variert og spennande arbeidskvardag
- Ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og utvikling
Kontaktinformasjon
Oddhild Våge Gjengedal, Einingsleiar, +47 47901133Arbeidsstad
Vardane 206084 Hallebygda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sande kommuneReferansenr.: 4979357655
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Oddhild Våge Gjengedal
Einingsleiar
+47 47901133
Om bedriften
Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bf2dfe2d-b22a-4c1e-b23e-0c1756f6b5f3
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a71ed38a58344969955cd0672c7bb567