Sogn og Fjordane Kunstmuseum Konservator/Førstekonservator
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane
Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Storehagen 1A, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Konservator/førstekonservator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om avdeling for forsking og bevaring
Avdeling for forsking og bevaring har ansvar for forvalting og bevaring av samlingar og bygg i Musea i Sogn og Fjordane, og koordinerer
forskingsarbeidet innafor musea sine fagområde. I avdelinga er det 5 konservatorar og 8 handverkarar, samt faste og mellombelse stillingar knytt til samlingsforvaltingsarbeidet. Dei tilsette i avdelinga har dagleg oppmøte på dei einskilde musea i Musea i Sogn og Fjordane, men samarbeider om dei faglege oppgåvene. Musea i Sogn og Fjordane tar nytt fellesmagasin i bruk frå 2024, og innflytting i Tinghuset vil vere ei viktig oppgåve for avdelinga dei neste åra.
Konservator kunst har dagleg oppmøte på Sogn og Fjordane Kunstmuseum som ligg i Førde i Sunnfjord kommune. I museumsbygget er det tre etasjar som syner skiftande utstillingar av både samtidskunst og kunsthistoriske utstillingar med verk frå kunstsamlingane i Musea i Sogn og Fjordane. Samlingane byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900- og 2000-talet, med hovudvekt på perioden etter 1970. Om lag like mange kvinnelege og mannlege kunstnarar er representert med verk i samlingane, noko som er eit særmerke og ligg til grunn for både forsking på og formidling av kunstsamlinga.
Konservator kunst samarbeidar om dei kunstfaglege oppgåvene med dei tilsette i Avdeling for kunst. Avdelinga har ansvar for utstillingar, formidling og arrangement ved Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Astruptunet, Eikaasgalleriet og Sogn Kunstsenter. Les meir om museet i denne lenkja.
Om stillinga som konservator kunst
Di hovudoppgåve som konservator vil vere å arbeide med forvalting, utvikling og formidling av, og forsking på Musea i Sogn og Fjordane sine kunstsamlingar. Som konservator vil ein vere del av avdeling for forsking og bevaring og samarbeide med dei tilsette for å nå avdelinga sine mål. Konservator vil også samarbeide om dei faglege oppgåvene med dei tilsette i avdeling for kunst, mellom anna å kuratere samlingsbaserte utstillingar. Næraste leiar er avdelingsdirektør for forsking og bevaring.
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Forvalting, dokumentasjon, registrering og digitalisering av kunstsamlingane i samsvar med MiSF sine planar og rutinar
- Samlingsutvikling, inklusive innkjøp, innsamling, samlingsvurdering og kunnskapsutvikling
- Hovudansvar for kunstnararkiv, utstillingsarkiv, fotoarkiv og handbiblioteket
- Forsking innafor stillinga sitt ansvarsområde og kunnskapsbehovet i organisasjonen
- Kunnskapsformidling gjennom publikasjonar og føredrag
- Støtte musea i arbeid med formidling av samlingane, t.d. gjennom utstillingar
- Handsame førespurnadar om samlingane
- Bidra i arbeidet med å førebu og ta i bruk det nye fellesmagasinet (Tinghuset) i Angedalen (Sunnfjord kommune)
- Bidra i arbeidet med å utvikle og revidere avdelinga sine planer, m.a. forskingsplan, innsamlingsplan og samlingsforvaltingsplan.
Kvalifikasjonar
- Det er eit krav at konservator har mastergrad eller tilsvarande i kunsthistorie eller anna kunstfagleg utdanning
- Autorisasjon som konservator NMF (Norges Museumsforbund) er eit ønskje. MiSF vil leggje til rette for at tilsette kan oppnå autorisasjon som del av arbeidet om ein ikkje har dette frå før
- Kandidatar som er kvalifisert, t.d. med doktorgrad i relevant fag, kan bli tilsett som førstekonservator
- Førarkort KL. B
I tillegg er det ønskjeleg med erfaring innan/med:
- Museumsarbeid
- Formidling
- Forskingskompetanse (doktorgrad eller tilsvarande)
- Publisering av vitskapleg/populærvitskapleg artiklar, bøker osb.
- PRIMUS - samlingsforvaltingssystem for musea
- Dokumentasjonsarbeid
- Interesse for gjenstandsforvaltning
Personlege eigenskapar
Som del av konservatorgruppa er det forventa at du evnar å samarbeide godt med andre, deler av din kunnskap og erfaringar, samt støtter andre for å nå felles mål i avdelinga. Det er ein fordel om du er i stand til å byggje nyttige nettverk både internt i organisasjonen og eksternt i relevante fagmiljø. Som konservator i Musea i Sogn og Fjordane forvaltar du viktig kompetanse, og du må ha evna til å demonstrere fagleg kunnskap innan eige fagfelt og vere oppteken av å utvikle deg fagleg. Her vil du få rom til å fordjupe deg i tema og bruke tid på utvikling av eigen kompetanse.
Som konservator/førstekonservatorer det viktig å trivast med å arbeide sjølvstendig, samtidig som ein evnar å skape eit godt samarbeid både i avdelinga ein er ein del av, men også på museet ein arbeider på i det daglege.
Det er mykje fleksibilitet i arbeidet, noko som også medfører noko varierande arbeidsmengde. Evnen til å strukturere og planlegge arbeidstida si godt er derfor viktig, og ein må trivast med å arbeide systematisk med høg gjennomføringsevne.
Om Sogn og Fjordane Kunstmuseum (SFKM)
SFKM har fire driftseiningar:
Sogn og Fjordane Kunstmuseum vart oppretta i år 2000 som ei vidareføring av Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter. I nybygget i Førde har aktivitetane til desse to einingane smelta i hop med både museumsutstillingar og kunstsenterutstillingar.
Astruptunet i Jølster. Kunstnarheimen etter Nikolai og Engel Astrup.
Eikaasgalleriet i Jølster.
Sogn Kunstsenter i Lærdal (opna i 2011, vidareføring av Gjesmegalleriet som opna i 1998).
Les meir om Sogn og Fjordane Kunstmuseum her
Vi kan tilby
- Moglegheit til fagleg utvikling i eit dynamisk arbeidsmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
- Lønn etter avtale i henhold til Landsoverenskomsten for Museum (VIRKE)
- Medlemskap i KLP med gode pensjonsvilkår
Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne og kulturell bakgrunn.
Generell informasjon
Som tilsett i MiSF vil du vere del av eit dynamisk arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og stort engasjement.
MiSF er ei IA-verksemd, og vi tilbyr god pensjonsordning gjennom KLP.
Stillinga som konservator/førstekonservator blir løna etter avtale, og iflg. Landsoverenskomsten for museum (Virke).
Vi gjer merksam på at søkarlista kan bli kravd gjort offentleg.
Søknad registreres via link på denne siden. CV, vitnemål og attester lastes opp under "Vedlegg".
Nærare opplysningar får ein ved å vende seg til Thomas Walle, advelingsdirektør forsking og bevaring i MiSF. E-post: thowal@misf.no, telefon: 926 22 055, eller avdelingsdirektør kunst, Tor Martin Leknes. E-post torlek@misf.no, telefon 466 93 897
Ved spørsmål om utfylling av elektronisk søknadsskjema kan Jobbnorge kontaktes på 755 42 220 eller kundeservice@jobbnorge.no på kvardagar mellom 08.00-16.00.
Om bedriften
Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) består av 12 besøksstader fordelte på 6 kommunar. Vi har museum innan kulturhistorie, kunst, reiseliv og kystkultur. Samlinga som Musea i Sogn og Fjordane forvaltar, og delvis eig består av over 122.000 gjenstandar, mellom anna 142 båtar og 153 kulturhistoriske bygg med ei samla grunnflate på om lag 15.650 kvadratmeter.
Organisasjonen har omlag 65 årsverk. Administrasjonen ligg i dag på Sandane i Nordfjord.
Sektor
Offentlig
Nettsted