Seniorrådgjevar forretningsutvikling
Skyss
5008 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Seniorrådgjevar/Rådgjevar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 15. september
Vil du jobbe med framtidas reiseoppleving, der dei reisande kjem seg frå der dei er til dit dei skal? Skyss jobbar for eit grønare samfunn der fleire skal kunne leve utan eigen bil. Då treng vi å legge til rette for nye løysingar og ny teknologi som gjer dette mogleg.
Vi ser etter deg som evnar å tenke heilskapleg og strukturert i arbeidet med tenesteutvikling. Du har god prosessforståing, er ein pådrivar som får andre med deg heilt i mål. Du vil inngå i ei faggruppe for forretningsutvikling som har ansvar for nye mobilitetstenester, inntekter, pris , produkt og digitale kundeløysingar. Stillinga inneber utvikling av nye tenester og forvaltning av eksisterande løysingar som mellom anna bestillingstransport.
I arbeidet er det mange aktørar og omsyn å tenke på. Vi legg stor vekt på korleis nye tenester fungerer for dei reisande. Vi har dialog med kommunar, kundar, interessentar og aktuelle leverandørar, og vi gjer utgreiingar og lager faglege tilrådingar. Ny og delt mobilitet som bestillingstransport, samkøyring, mikromobilitet og sykkel er noko av det vi arbeider med å legge til rette for.
Arbeidsoppgåver
Som forretningsutviklar hos oss vil du ha produktsansvar for nye tenester som bestillingstransport - ei teneste Skyss er i ferd med å innføre i stadig nye område. Samtidig ser vi etter ein person som over tid kan ta ansvar for andre utviklingsområde innan ny mobilitet og annan forretningsutvikling. Du vil få moglegheit til å forme rolla i takt med behov og strategiske prioriteringar. I denne rolla vil sentrale oppgåver vere:
- Produktansvarleg for nye mobilitetstenester som mellom anna bestillingsbaserte tenester
- Sikre at Skyss bygger erfaringsbasert kompetanse gjennom nye og pågåande utviklingsprosjekt
- Gjennomføre analyser og lage faglege tilrådingar
- Sikre intern kompetanse og gode driftsprosessar rundt nye produktområde
- Fasilitere tverrfaglege samarbeid internt og eksternt
- Sikre at organisasjonen har innsikt i nasjonale og internasjonale utviklingstrekk innan ny mobilitet
- Bidra i nasjonale og internasjonale nettverk om teknologi og ny mobilitet som bestillingstransport, samkøyring og sjølvkøyring
Oppgåvene vil bli utførte i tett samarbeid i faggruppa og med andre fagmiljø i Skyss. Vi har også mange grensesnitt mot andre delar av Vestland fylkeskommune, kommunar, leverandørar, andre samarbeidspartar, innbyggarar med fleire. Du vil få god moglegheit for fagleg utvikling og til å bygge nettverk både internt og eksternt.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har- relevant høgare utdanning på masternivå, gjerne innan samfunnsfag, teknologi, økonomi eller transport. Kvalifiserte søkarar utan mastergrad kan også blir vurderte, men då vil stillingstittelen bli justert i samsvar med kvalifikasjonane
- god skriftleg og munnleg formidlingsevne på norsk og engelsk
- evne til å presentere faglege problemstillingar for både interne og eksterne
- god IT-kompetanse og forståing for moglegheitene i ny teknologi, digitalisering og automatisering
Det er i tillegg ønskeleg at du har
- interesse og erfaring med digitale kundetenester
- erfaring med prosjekt- og prosessleiing
- interesse for samfunnsutvikling og politikkutforming
- erfaring med å jobbe i nettverk
Personlege eigenskapar
Vi treng deg som- er interessert i berekraftig samfunnsutvikling
- ser moglegheiter i ny teknologi
- er opptatt av best mogleg mobilitet for flest mogleg
- er nysgjerrig, engasjert og resultatorientert
- arbeider faktabasert og analytisk
- kan jobbe sjølvstendig, har pågangsmot og evne til strategisk planlegging
- trivst med tverrfagleg samarbeid og deling av kunnskap
Vi tilbyr
Hos oss i Skyss er vi mange som jobbar for å utvikle gode kvardagsreiser for oss som bur og reiser i Vestland!
Vi tilbyr:
- ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- eit engasjert arbeidsmiljø med hyggelege kollegaer
- moglegheit for å utvikle seg fagleg
- fleksibel arbeidstidsordning
- lønn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkå
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at i tråd med offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkar som har bede om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Kari Steinsland, leiar faggruppe forretningsutvikling, 90837465, kari.steinsland@skyss.no
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 4991177129
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 4 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bf112780-5203-4b4c-92e5-c94b5b4310ef
- Hentet fra
talentech
- Referanse
782991ac8b01451eafecd426ebf182b9