Er du ein person som trivast i lag med eldre mennesker og som ynskjer å bli betre kjent med korleis me arbeider i heimetenestene?
Vindafjord kommune Heimetenesta
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling(ar) med arbeid kvar 3. helg
Antall stillinger
1
Helsefagarbeidar eller andre som trivast i lag med eldre mennesker til helgestilling 2 stk 14,08% og 1 stk 18,08%, med arbeidsstad Indre indre sone. Stillingane er ledige etter avtale.
Hovudarbeidsoppgåver:- Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag med mange forskjellige utfordringar og mogeligheitar.
- Du vil bidra direkte til våre brukarar med å gje ei god teneste ved å ta ivare det generelle pleie og omsorgsbehovet til våre tenestemottakarar.
- I funksjonen inngår det å gje stell og pleie, me førebygge, behandlar og rehabilitere våre tenestemottakarar.
- Du må bidra med å bygga eit godt arbeidsmiljø.
- Samarbeide godt med kollega.
- Du er helsefagarbeidar
- Andre/ufaglærte kan og søkja
- Søkar må ha sertifikat
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
- Du må trivast i lag med eldre mennesker
- Du ynskjer å vera med på å gjera ein forskjell i kvardagen til våre bukarar.
- Du må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskap
- Du må ha grunnleggjande datakunnskap
- Du må ha godt humør
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2429085
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3226113_229841_nn