Trainee hos Tersan Havyard: KHMS
Framtidsfylket AS
Bøfjordvegen 260, 6953 Leirvik i Sogn
Om jobben
- Type ansettelse
- Trainee, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. mars
Samtidig får du eit heilt år med fagleg påfyll, nettverk og personleg utvikling gjennom Framtidsfylket traineeprogram.
Kvifor denne jobben?I denne stillinga blir du ein del av hjartet i verftet, nemleg arbeidet med kvalitet, helse, miljø og sikkerheit. Du får vere med å påverke korleis vi jobbar trygt og smart i kvardagen, du får ansvar som veks i takt med at du blir trygg i rolla, og eigen mentor som følgjer deg gjennom året. Du blir godt kjent med heile verftet– frå verkstad og kaia til møterom og leiing. Du får ein variert kvardag der du vekslar mellom å vere ute i hallen saman med folk, og inne med analyse, forbetringsarbeid og planlegging.
Kva går jobben ut på?Vi vil at du skal lære mykje, men ikkje vere supermenneske. Difor startar du enkelt, og så byggjer vi på etter kvart. Døme på oppgåver du kan få:
- bidra i forbetringsprosjekt innan berekraft, helse, kvalitet og miljø
- støtte KHMS-arbeidet i byggeprosjekta
- følgje opp avvik og uønskte hendingar
- vere med på vernerundar, risikovurderingar og sikker jobb analysar
Du jobbar tett saman med KHMS-leiar og andre nøkkelpersonar i verftet, og du blir tidleg ein naturleg sparringpartnar for leiarar og kollegaer.
Dette får du hos HavyardVi veit at livet er meir enn jobb. Som trainee hos oss får du:
- ein arbeidskvardag med korte avstandar mellom beslutning og handling
- ein uformell kultur der folk helsar på kvarandre i gangen og tek seg tid til ein prat
- moglegheit til å følgje båt frå bygging til levering
- tett samarbeid med dyktige fagarbeidarar, ingeniørar og leiing
I tillegg kjem Framtidsfylket sitt traineeprogram, der du får samlingar, studietur, nettverk og kurs saman med andre nyutdanna i Vestland.
Kven trur vi at du er?Vi er meir opptekne av motivasjonen din enn av at du «treff på alt». For å trivast i rolla trur vi at du:
- har utdanning på fagskule-, bachelor- eller masternivå innan t.d. HMS, kvalitet, ingeniørfag, maritim eller liknande
- er nysgjerrig på folk, prosessar og korleis vi kan gjere ting tryggare og betre
- liker å vere både ute i produksjonen og inne i system og tal
- kommuniserer godt på norsk munnleg, og gjerne skriftleg
Har du lite erfaring? Det er heilt i orden – dette er ein traineestilling. Vi lærer deg det du treng å kunne.
Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
- Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.
Du vil jobbe som trainee hos oss i ett år – fra august til august.
Om bedriften
Frå 15. desember venter fleire traineestillingar på deg i Vestland.
Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram og set spor frå dag éin!
Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert.
Kva vil det seie å vere trainee i Framtidsfylket? Her får du svara på ofte stilte spørsmål.
Vestland byr på eit variert og spennande næringsliv med store karrieremoglegheiter!
Framtidsfylket er fylket si eiga merkevare for jobb og rekruttering, og omfattar i dag jobbportalen Framtidsfylket.no, Framtidsfylket Trainee og Framtidsfylket Karrieremesser.
Vår jobb er å synleggjere kva som rører seg på jobbmarknaden og kva fritid du kan skape deg i trivselsfylket. Målet er rekruttering og auka tilflytting.
Framtidsfylket.no tilbyr deg gode verktøy for jobbsøking og rekruttering av nye tilsette. Portalen fungerer som eit virtuelt samlingspunkt for arbeidsgjevarar og arbeidssøkjarar, og er alltid oppdatert med siste nytt.
Les meir på Framtidsfylket.no
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bef401f3-2f35-40e2-8894-1921481f342a
- Sist endret
17. desember 2025
- Hentet fra
karriere.no
- Referanse
ca818f42-6b4a-4deb-b93d-939679457df6
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Framtidsfylket AS
Sted
Leirvik i Sogn
HMSK Koordinator
Arbeidsgiver
Wergeland
Sted
Dalsøyra
Arbeidsgiver
Tersan Havyard
Sted
Leirvik i Sogn