Autorisert fysioterapeut
Helsetenesta i Bykle og Valle, Bykle
Sarvsvegen 31, 4754 Bykle
Om jobben
- Stillingstittel
- Autorisert fysioterapeut
- Oppstart
- 26. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 8. november
Helsetenesta i Bykle og Valle er eit vertskommunesamarbeid, der Bykle kommune er vertskommune. Helsetenesta har ansvar for tenesteområda fastlege, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, jordmorteneste, helsestasjon, skulehelseteneste samt psykisk helse og familierettleiing.  
Vi har tre fysioterapiklinikkar: Ein i Valle, ein i Bykle og ein på Hovden. Til saman er det 3 fysioterapeut årsverk og 1 ergoterapeut årsverk i tenesta.   
Arbeidet i Bykle og Valle er variert og spanende. Kommunane har til saman noko over 2200 innbyggjarar, men som kjende turistkommunar har dei eit vesentleg høgare folketal i høgsesong.
Vi har ledig: 100 % vikarstilling som fysioterapeut, med hovudarbeidsstad i Valle kommune.   
Er du fysioterapeut og har lyst til å bli ein del av vårt fagmiljø? Då oppmodar vi deg til å søkje!
Arbeidsoppgaver
- Kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar og prioriteringar i den kommunale helsetenesta
- Aktiv og heilskapleg tilnærming til pasientar og brukarar
- Kunnskapsbasert fysioterapi i tråd med planar og prioriteringar i den kommunale helsetenesta
- Individuell oppfølging av pasientar- Kartlegging, vurdering og oppfølging av fysisk funksjon
- Rettleiing til eigenmeistring og fysisk aktivitet for å fremje livskvalitet
 
- Tverrfagleg samarbeid- Deltaking i ansvarsgrupper
- Tverrfagleg rehabilitering på sjukeheimen
- Samhandling med andre kommunale tenester
 
- Gruppetilbod, t.d. undervisning eller trening
- Førebyggjande arbeid
- Utvikling av fysioterapitenesten i lag med resten av avdelinga
- Delta i arbeid, prosjekt og initiativ som fremjar folkehelse.
Kvalifikasjoner
- Autorisert fysioterapeut
- Erfaring frå rehabilitering er ein fordel
- Klinisk kompetanse og erfaring med undersøking, vurdering og behandling innan fysioterapi
- Erfaring frå tverrfagleg samarbeid på ulike nivå
- Erfaring med bruk av IT som arbeidsverktøy
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Personleg eignaheit vektleggjast
Personlige egenskaper
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig og trygg i rolla som fysioterapeut
- Fagleg engasjement, og evne til å bidra i fagleg utvikling
- Positiv innstilling og kan trivast med utfordringar
- Fleksibel og løysingsorientert
- Gode kommunikasjonsevner
- Målretta og strukturert
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver
- Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå i helsetenesta
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Ragnhild Åvesland Hoslemo, Tjenesteleder, 47354904Arbeidssted
Sarvsvegen 314754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BykleReferansenr.: 5032801507
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 26.01.2026
Sluttdato: 15.11.2026
Søknadsfrist: 08.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Ragnhild Åvesland Hoslemo
Tjenesteleder
47354904
Om bedriften
Bykle kommune som arbeidsgjevar:
- Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar
- Vi er ca. 190 tilsette
- Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
- Vi er ei IA-bedrift
Om Bykle:
- Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
- Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
- Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
- Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
- Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter
- Det er løpande SFO- og barnehageopptak
Avstandar:
- Bykle - Kristiansand er 18 mil
- Bykle - Oslo er 29 mil
- Bykle - Stavanger er 33 mil
- Bykle - Bergen er 35 mil
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- bec87aaf-91e4-4f82-880a-4d9673d84c5e 
- Sist endret
- 27. oktober 2025 
- Hentet fra
- talentech 
- Referanse
- 943137604a874ef68d753f2ec4cf796d 
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Setesdal barnevern, Valle kommune
Sted
Rysstad
Arbeidsgiver
Bykle Vindu
Sted
Bykle
Arbeidsgiver
Dyrebo Gårdsbarnehage A/S
Sted
Vegårshei, Agder