Kontaktpersonar
Setesdal barnevern, Valle kommune
Kjellebergsvegen 1, 4748 Rysstad
Om jobben
- Stillingstittel
- Kontaktpersonar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. november
Setesdal barnevern søkjer engasjerte og fagleg trygge saksbehandlarar/kontaktpersonar som ønskjer å bidra til at barn og unge får trygge og gode oppvekstvilkår. Som saksbehandlar vil du ha ansvar for å følgje opp barn, foreldre og samarbeidspartnarar i ulike fasar av barnevernet sitt arbeid – frå undersøkingar og tiltak i heimen, til oppfølging av barn som bur utanfor heimen.
Stillinga inneber både sjølvstendig arbeid og tett samarbeid med kollegaer i eit tverrfagleg miljø. Du vil få høve til å bruke di faglege kompetanse i direkte arbeid med familiar, samstundes som du får støtte frå eit team med høg fagleg kvalitet og stort engasjement.
Vi ser etter deg som trivst med varierte arbeidsoppgåver, har gode samarbeidsevner og ønskjer å gjere ein forskjell for barn og familiar i ein krevjande, men meiningsfull kvardag.
Setesdal barnevern er ei interkommunal teneste som består av kommunane Valle, Bykle og Bygland.
Arbeidsoppgåver
- Gjere undersøkingar etter lov om barnevern (jf. barnevernlova § 2-2), og vurdere behovet for tiltak
- Følgje opp barn, ungdom og familiar som får hjelpetiltak i heimen
- Fatte vedtak og gjennomføre oppfølging av barn plasserte utanfor heimen
- Delta i tverrfagleg samarbeid med mellom anna skule, barnehage, helsestasjon og andre samarbeidspartnarar
- Skrive faglege vurderingar, saksframlegg og rapportar
- Vere kommunens representant i Barnevernsnemnd, Tingrett og Lagmannsrett
- Bidra til utvikling av fagleg kvalitet og gode rutinar i tenesta
Kvalifikasjonar
- Bachelorutdanning i barnevern, sosialt arbeid, vernepleie eller anna relevant fagområde
- Ønskjeleg med masterutdanning, eller vilje til å ta slik utdanning
- Erfaring frå arbeid innanfor barnevern eller anna arbeid med barn, ungdom og familiar er ynskjeleg
- Erfaring frå sakshandsaming er ynskjeleg
- God kjennskap og erfaring med Barnevernslova og retningslinjer innan barnevernsfeltet
- Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide strukturert, sjølvstendig og i team
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du møter barn og foreldre med respekt, openheit og evne til å skape tillit
- Du handterer hektiske periodar med ro, fagleg tryggleik og god vurderingsevne
- Du er strukturert
- Du er engasjert, løysingsorientert og har eit genuint ønskje om å bidra til positive endringar
- Du trivst med samarbeid, men tek òg ansvar for eigne faglege vurderingar
- Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt
- Du er kreativ, fleksibel og omstillingsdyktig
Vi tilbyr
- Eit fagleg sterkt og engasjert arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
- Moglegheit for rettleiing, vidareutdanning og fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstid og gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter utdanning og i tråd med gjeldande tariff
- Kommunen kan vere behjelpelig med å finne bolig
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.
Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Kontaktinformasjon
Hedda Helene Schaanning, Leiar, 476 42 462, hedda.helene.schaanning@valle.kommune.noArbeidsstad
Kjellebergsvegen 14748 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 5032390097
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod. Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.
Besøk gjerne heimesida vår: http://www.valle.kommune.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
4669a368-5377-480e-ae29-718b19ae9b86
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c01a1b61e0384d189034a86bedb8df74
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Næromsorg As
Sted
Agder
Arbeidsgiver
Dyrebo Gårdsbarnehage A/S
Sted
Vegårshei, Agder
Arbeidsgiver
Næromsorg As
Sted
Agder