Rådgivar/seniorrådgivar - jordbruk
Statsforvalteren i Rogaland
Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivar/seniorrådgivar - jordbruk
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Rogaland er eit kraftfullt matfylke med stor husdyrproduksjon, og god bruk av jord- og beiteressursane er viktig. Vi ser etter deg som har lyst til å arbeide breitt med jordbruksforvaltning. Stillinga inneberer både tilskotsforvaltning og fagleg støtte til kommunane. Kulturlandskap, nydyrking, gjødselbrukforskrift og ivaretaking av miljøverdiar i kulturlandskapet er fagområde som ligg til stillinga. Vi treng deg som har kompetanse innan jord- og plantevitskap og som kjenner landbruket.
Hos oss blir du ein del av eit godt fagmiljø i landbruksavdelinga. Arbeidet krev at du er god til å møte folk, kommunisere og samarbeide. Du må vere budd på å måtte reise ein del i fylket, og delta i møte og arrangement utanom normal arbeidstid. Vi ønskjer ein kollega med sterk interesse for fag og folk, og som kan ta initiativ.
Landbruksavdelinga har ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar innan jordbruk.
Arbeidsoppgåver
- arbeide for god utnytting av jord- og gjødselressursane i fylket
- arbeide breitt for å vareta kulturlandskapet og naturmangfaldet
- følgje opp arbeidet med klimaomstilling i jordbruket
- forvalte tilskot til utvalde kulturlandskap, spesielle miljøtiltak i jordbruket og tilskot for å levere husdyrgjødsel til biogassanlegg
- bidra med jordbruksfagleg kompetanse inn i ulike prosessar
- rettleie kommunane i regelverk for jordbruksverksemd
- saksbehandle enkeltsaker
- igangsette og følgje opp faglege utgreiings- og samarbeidsoppgåver innan miljøfeltet
Kvalifikasjonar
For å bli vurdert for stillinga må du- ha relevant utdanning på mastergradsnivå. Til dømes innan plantevitskap. Utdanning på lågare nivå kan kompenserast med relevant erfaring
- ha god kunnskap om jordbruk
- beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg (helst begge målformer)
- fagleg bakgrunn i jord- og plantevitskap
- relevant arbeidserfaring
- GIS/kartkompetanse
- gode formidlingsevner
- du har gode samarbeidsevner og god relasjonell kompetanse
- du kan arbeide sjølvstendig, ta initiativ, er løysningsorientert og har god gjennomføringsevne
- du er strukturert og nøyaktig i arbeidet ditt
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr
- lønn som rådgivar, kr 590 000 - kr 680 000 pr år, lønn som seniorrådgivar kr 600 000 - 740 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- fleksibel arbeidstid og statleg avtaleverk
- god pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse
- gode høve til fagleg utvikling og til å utvikle fagleg nettverk
- nødvendig opplæring og rom for kompetanseutvikling
- varierte, interessante og viktige oppgåver
- triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.
Statsforvaltaren jobbar med mange sider av livet og samfunnet. Derfor meiner vi at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å sikre ei endå betre oppgåveløysing. Så langt som mogleg legg vi til rette for medarbeidarar som har behov for det. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, blir minst éin søkjar innkalla til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, må søkjarane oppfylle visse krav og det må kryssast av i søknaden.
Andre opplysningar
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT. Vi gjer merksam på at søknaden kun blir vurdert ut frå informasjonen som føreligger ved søknadsfristens utløp. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteriene som er beskrive i annonsen. Offentleg søkjerliste utarbeidast etter søknadsfristens utløp. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel om reservasjon ikkje tas til følgje.
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket. Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
Sektor
Offentlig