Diabetessjukepleiar
Drift-teknisk divisjon/ MTA Behandlingshjelpemiddel, Helse Bergen HF
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Diabetessjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. juni
Vi søker ein engasjert og fagleg sterk diabetessjukepleiar til Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM).
Stillinga har hovudfokus på diabetesbehandling og oppfølging av pasientar som får medisinsk teknisk utstyr i heimen. Vi arbeider direkte og indirekte med både pasientar og deira støtteapparat, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling.
Vi ser etter deg som har solid kompetanse innan diabetes og som trivst i eit fagfelt i kontinuerleg utvikling. Du vil få ei viktig rolle i samhandling med kliniske miljø, pasientar og leverandørar – og vil få moglegheit til å bidra i anbodsarbeid.
BHM har ansvar for utlån og oppfølging av medisinsk teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell innanfor fleire ulike fagområda til heimebuande pasientar i Helse Bergen. Eininga har eit tett samarbeid på tvers av dei ulike fagområda, og tilbyr i tillegg poliklinisk oppfølging og opplæring. Du vil bli del av eit tverrfagleg og kompetent fagmiljø som arbeider for gode og effektive pasientforløp.
Les meir om BHM på vår nettstad Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM)
Arbeidsoppgåver
Ansvarsområde:
- oppfølging av pasientar innan diabetes og behandlingshjelpemiddel
- tett samhandling med klinikkar, primærhelsetenesta og leverandørar
- bidra i anbodsprosessar og oppfølging av avtalar
- medverke til utvikling av tenesta i tråd med fagleg og teknologisk utvikling
Konkrete oppgåver:
- handtere pasientførespurnader via telefon og Helsenorge
- rettleie og samarbeide med kliniske miljø og førstelinjetenesta
- gjennomføre opplæring/undervisning ved behov
- dokumentere i journalsystem
- følgje opp utstyr, forbruksmateriell og leveransar
- bidra til kvalitetssikring og forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- vidareutdanning eller dokumentert kompetanse innan diabetessjukepleie
- erfaring med avanserte insulinpumper og sensorteknologi
- god digital kompetanse og evne til å setje seg raskt inn i nye system
- meistrar norsk skriftleg og munnleg godt
- ha god kommunikasjonsevne
Det er i tillegg ein fordel med:
- erfaring frå spesialisthelsetenesta
- erfaring med anbodsprosessar, avtaleoppfølging eller liknande arbeid
Personlege eigenskapar
- arbeider strukturert og systematisk
- har høg gjennomføringsevne og evnar å følgje opp oppgåver over tid
- trivst i eit fagfelt i endring og evna å halda kunnskapen din oppdatert, i tråd med gjeldande avtaler og utviklinga på diabetesfagfeltet
- er serviceinnstilt og løysingsorientert
- trivst med å arbeide både tverrfagleg, sjølvstendig og i team
- medverkar positivt til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
- ei spennande stilling i eit framtidsretta fagfelt i rask utvikling
- moglegheit til å påverke og bidra i nasjonalt arbeid
- eit sterkt tverrfagleg fagmiljø
- fleksitid med kjernetid
- dagarbeid med fri i helgar
- løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Irene Morild, Seksjonsleiar, 55977982, irene.morild@helse-bergen.noArbeidsstad
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5129452820
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be5a8db0-7eff-443d-b514-1bc3cff1add0
- Sist endret
13. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40453e0acddc4110ab9dec7e05bf4455