Førsteamanuensis/førstelektor/høskulelektor i drama og anvendt teater
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen, Klingenbergvegen 4, 5414 Stord, Røyrgata 6, 6856 Sogndal
Om jobben
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis/førstelektor/høskolelektor i drama og anvendt teater
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett, Institutt for kunstfag er det ledig éi til to mellombelse stillingar i 100 % for ein toårsperiode i drama og anvendt teater
Om stillinga:Arbeidsstaden er campus Bergen, men det kan bli aktuelt med arbeid ved campus Sogndal og Stord. Stillingane er ledige i tida 01.08.2025–30.06.2028.
Ansvars- og arbeidsområde:
Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere:
- Forskingsbasert undervisning i drama og anvendt teater og rettleiing av studentar på bachelor- og masternivå
- Det er aktuelt med undervisning og rettleiing i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanninga og i emner ved Etter-og videreutdanning og i dei nasjonale kompetanse- og utviklingssatsningene i barnehage og skule.
- Institusjonsbyggjande arbeid irekna: fagadministrative oppgåver, internasjonalisering og samhandling med eksterne partnarar.
- Kontakt og samarbeid med praksisfeltet som dramapedagogikk og anvendt teater realiserer seg i.
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen.
- Det kan bli aktuelt med noko reising i stillingen.
Kvalifikasjonar:
Kriteria for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis/førstelektor/høgskulelektor går fram av Forskrift til universitets- og høyskoleloven
Formell utdanning og kompetanse:For tilsetting som førsteamanuensis må søkar ha avlagt doktorgrad i drama eller anna fagfelt med relevans for stillingsprofilen, for eksempel innanfor estetiske fag/kunstfag eller utdanning.
For tilsetting som førstelektor må søkjar ha førstekompetanse i samsvar med forskrifta og med tilsvarande relevanskrav som for førsteamanuensis.
For tilsetting som høgskulelektor må søkjar ha hovudfag/mastergrad innan relevant fagområde med gode resultat, normalt A eller B på masteroppgåva, samt relevant yrkes- og undervisningserfaring.
Språkkrav:Undervisningsspråket er norsk, og søkjarar må meistre undervisning på engelsk.
Personlege eigenskapar:Den som blir tilsett må ha gode samarbeids- og formidlingsevner, men òg evne til å arbeide sjølvstendig, ta initiativ og vere fleksibel. Høgt etisk medvit i møte med studentar er påkravd.
Den som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Følgande tel positivt i vurderinga:- Relevant erfaring frå barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring og/eller høgare utdanning.
- Kontakt og samarbeid med praksisfeltet som dramapedagogikk og anvendt teater realiserer seg i.
- Kunstnarleg verksemd.
- Internasjonal erfaring.
Aktuelle kandidatar vil bli invitert til prøveforelesing og intervju.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stillinga” på denne sida.
Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjonen som ved søknadsfristen er lagt inn i www.jobbnorge.no. Det er søkjaren sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, irekna:
- vitskapleg arbeid (inntil 5 stk)
- fullstendig publikasjonsliste
- attestar og vitnemål
- dokumentasjon på utdanningsfagleg kompetanse. For førsteamanuensis skal utdanningsfagleg kompetanse dokumenterast med ei pedagogisk mappe og ein pedagogisk CV i tråd med Kvalifikasjonskrav til utdanningsfaglig basiskompetanse for ansettelse, opprykk og overgang ved HVL - Høgskulen på Vestlandet.
Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjaren sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Om vedlegga er større enn 50 MB må dei komprimerast før opplasting, eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadane blir sendt elektronisk til eit sakkunnig utval. På bakgrunn av utvalet si vurdering vil aktuelle søkjarar bli kalla inn til intervju og prøveundervisning. Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Vi tilbyr:
Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
Spanande fagmiljø med moglegheiter for kompetanseheving- og utvikling
Moglegheit for trening i arbeidstida
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1011/1198/1008 - førsteamanunensis/førstelektor/høgskulelektor.
Frå løna blir det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogelg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er av den grunn eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing, og å rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt ekportkontrollforskriften. Forskriften kan komme til anvending i behandlingen av søknadane.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet:
1) InstituttleiarHege Gjerde Sviggum, tlf. 57 67 60 56, Hege.Gjerde.Sviggum@hvl.no
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for kunstfag har 70 tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fagområda omfattar musikk, drama og anvendt teater og kunst- og handtverk. Instituttet tilbyr utdanningar på bachelor, master, årsstudium og etter og videreutdanning-nivå. Instituttet gir og undervisning på sine fagområde i barnehagelærarutdanninga og ved grunnskulelærarutdanningane og bidrar i fakultetet sitt Ph.D.-programet Studiar av danning og didaktiske praksisar.
Instituttet har som mål å vere i front av skule- og profesjonsorientert kompetanseutvikling innanfor sine fagfelt, og vere ei drivkraft for utvikling av kunstfag på høgt nivå og med klar relevans for barnehage, skule og kulturfeltet. Tilsette på instituttet er involvert i forsking som er relevant for utdanningane våre og deltar i fagleg nettverksarbeid både nasjonalt og internasjonalt.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be252224-17a2-4f77-9c73-54e78a8e577e
- Sist endret
6. mai 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10294650