Fagarbeidar-100% fast
Rauland barnehage, Vinje kommune
Raulandsvegen 1747, 3864 Rauland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar-100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest lørdag 31. mai
Har du lyst til å bli vår nye kvardagshelt? Set du barna fyrst og er glad i å vera ute? Då er du den me ser etter!
Visjonen vår er: Saman om ein god barndom – det er dei vaksne det kjem an på.
Arbeidsoppgåver
- Delta i barna sin leik og aktivitet, ute og inne.
- Vere medansvarleg for barna sin heilskaplege trivsel og utvikling.
- Delta aktivt i det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdeling.
- Skape eit trygt, godt og inkluderande miljø for barna.
- Bidra til lærande fellesskap i barnehagen.
- Bidra til godt samarbeid med kollegaer, føresette og andre samarbeidspartnarar.
- Bidra til at barnehagen har godt omdømme.
- Eventuelt vere rettleiar for lærling, etter avtale med leiar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
- Anna relevant utdanning som passar til barnehage kan bli vurdert.
- Erfaring frå liknande arbeid kan kompensere for utdanning om me ikkje får fagutdanna.
- God munnleg og skriftleg kompetanse.
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og tek initiativ.
- Du er fleksibel og finn løysingar.
- Du kommuniserer godt med barn, kollegaer, føresette og andre samarbeidspartar.
- Du må vera glad i aktivitet, både inne og ute.
- Du må trivast i ein hektisk kvardag.
- Du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
- Du er nysgjerrig og undrande saman med barna
Me tilbyr
- God forsikrings- og pensjonsordning.
- Løn etter lokal lønstabell.
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar.
- Eigen matfagansvarleg.
- Fagleg sterke tilsette med fokus på kvalitet, kjærleik for faget, og masse humor.
- Kompetanseutvikling og kurs.
- Varierte og spennande utfordringar.
- Utanlandske søkjarar må ha generell godkjenning frå NOKUT og UDIR for å få jobb.
- Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Heidi Rønningen, Verksemdsleiar Rauland barnehage, +47 90646483Arbeidsstad
Raulandsvegen 17473864 Rauland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4964388371
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Heidi Rønningen
Verksemdsleiar Rauland barnehage
+47 90646483
Om bedriften
Barnehagen har 5 avdelingar, med om lag 60 barn og 25 tilsette. Rauland barnehage skal vera ein god utviklingsarena, der kvart barn får utvikle seg i sitt tempo, ut frå eigne forutsetningar. I vår pedagogiske praksis vektlegg me arbeid som skal styrke barnas sosiale evner, sjølvkjensle, nysgjerrigheit, openheit, livsglede og tillit til omverda.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2938042
- Hentet fra
talentech
- Referanse
610f0f13996b48e3be755e1cba8ba5bd