Dekkssjef/Overstyrmann på reservefartøy i Nord-Norge, p.t. MF Sulafjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Drag-Kjøpsvik, 8590 Kjøpsvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Dekkssjef/Overstyrmann på reservefartøy i Nord-Norge, f.t. MF Sulafjord
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 27. juli
Hos Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap. Vi har fokus på miljø og teknologi, og tilbyr konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Turnusordninga er sjøvaktsordning med 3 veker på og 3 veker fri som gir moglegheit for god balanse mellom arbeid og fritid. I arbeidsperioden bur du om bord, og reise til og frå arbeidssted vert dekt.
Dette er ei stilling med ansvar og moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil være ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving.
Oppstart 01.september 2026
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift
- Vere avløysar for skipsførar
- Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg
- Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav
- Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk
- Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet
- Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar
- Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte
- Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal
- Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer
- Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet
Kvalifikasjonar
- Minimum D2-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Ferdigheitssertifikat HMOB
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skiftleg
Personlege eigenskapar
Vi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Gode velferdsordningar.
Kontaktinformasjon
Thea Eliassen, Rekrutteringsmedarbeidar, thea.eliassen@fjord1.noArbeidsstad
Drag-Kjøpsvik8590 Kjøpsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5155232635
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 27.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
be1affb5-6261-4e6e-a0d2-f88bdc48a0e2
- Sist endret
13. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aac1dc67dfbf4da4a78db00946525d80