100% stilling som avdelingsleiar ved Jondal skule
Ullensvang kommune Jondal skule
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 18. mai
Info om skulen:
Jondal skule er ein 1.-10. skule i Ullensvang kommune. Skulen ligg fint til i sentrum av bygda Jondal, i nær tilknyting til både barnehage og kulturskule, fjell og fjord. Skulen er nyleg rehabilitert, og har fått mange nybygg. Skulen har 130+ elevar, og eigen SFO-avdeling med rundt 30 elevar. Me har rundt 30 engasjerte og fagleg dyktige tilsette, som er opptekne av å skapa eit godt læringsmiljø for alle elevane.
Me søker ein avdelingsleiar som er oppteken av skuleutvikling og ynskjer å leia gjennom å lytta, støtta og utfordra. Du vert ein del av leiarteamet vårt som er sett saman av rektor og to avdelingsleiarar. Avdelingsleiaren me lyser etter vil få oppgåver knytt til dagleg drift både på skule og SFO, pedagogisk utviklingsarbeid, og medansvar for å leia personal og oppfølging av elevsaker. Du vil få ansvar for vikararbeid i samarbeid med den andre avdelingsleiaren. Stillinga inneber 50% leiing og 50% undervisning.
Kvalifikasjonar:
Godkjent lærarutdanning og undervisningserfaring
God kjennskap til, og forståing for digitale system
Har gjerne leiarerfaring frå før
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Du må ha ynskje om å ta vidareutdanning i leiing om du ikkje har det
Personlege eigenskapar:
Har god pedagogisk forståing og er oppteken av skuleutvikling
Er strukturert, held oversikt og ser gode og effektive løysingar
Likar å leia andre
Er god på samarbeid, relasjonsbygging og kommuniserer godt med skulen sine tilsette, elevar og føresette
Har god formidlings- og gjennomføringsevne
Er oppteken av elevane si læring, mestring og utvikling
Er sjølvstendig, fleksibel og omstillingsdyktig
Kan handtera periodar med stort arbeidspress
Trygg, med godt humør og pågangsmot
Me tilbyr:
Eit godt arbeidsmiljø
Varierte arbeidsoppgåver
Godt pedagogisk utviklingsmiljø
Lønn etter hovudtariffavtalen
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Hjelp til å finna bustad
Politiattest
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2930769
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3498579_193969_nn