Vi søkjer Anleggsarbeidarar
Volda Maskin AS
Møre og Romsdal, Vestland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Anleggsarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift, dagtid og kveld, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Som anleggsarbeidar er du ein av dei viktigste grunnsteinane i bransjen vår. Kvardagen din vil innehalde oppgåver som t.d. opparbeiding av grøft og VA-anlegg, stikning/oppmåling, klargjering til asfalt, og tett samarbeid med maskinførar. Vi søkjer deg som har auge for gode løysningar, gode rutinar for HMS og kvalitet, likar fysisk arbeid og trivst med å jobbe ute. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men også ha evne til å arbeide og kommunisere godt med andre. Du må også vere rutinert og lærevillig, for å oppfylle stadig strengare krav til dokumentasjon på utført arbeid. Vi vil legge til rette for kompetanseheving og fagleg utvikling, og det er mulig å bevege seg vidare mot andre spennande fagfelt, t.d. anleggsrørlegging.
Dine kvalifikasjonar:· Fleksibel i forhold til arbeidsplass og arbeidstid. Stillinga kan omfatte arbeid på anlegg med lang reiseveg eller arbeidstidsordningar med krav om å bu på anlegg.
· Løysningsorientert, sjølvstendig og evne til å ta ansvar.
· Fagbrev innan relevant fagområde, og gjerne ADK eller andre aktuelle kurs. Personlege eigenskapar og relevant erfaring vil verte vektlagt.
· Beherskar godt norsk munnleg og skriftleg.
· Førarkort klasse B og BE.
Vi kan tilby:· Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ei spanande bransje, der du er med på å etterlate varige spor i samfunnet.
· Moglegheit for fagleg utvikling.
· Konkurransedyktige løn- og arbeidsvilkår, forankra i tariffavtale.
· Gode pensjons- og forsikringsordningar og AFP.
· Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Volda Maskin AS har sidan starten av 1990 bygd opp ei solid og allsidig bedrift med stort fokus på kompetanse, kvalitet og samarbeid. Vi har sentral godkjenning, er ISO-sertifisert og godkjent lærebedrift innan fleire fagområder. Med 75 tilsette og ein moderne maskinpark er vi godt rusta til å ta på oss alt frå små oppdrag til omfattande hovudentreprisar. Vi har hovudkontor i Volda, og våre prosjekt ligg hovudsakleg i Møre og Romsdal og Vestland fylke.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bdfe9717-4206-4fc7-b8c5-39ef2f5d917e
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
bdfe9717-4206-4fc7-b8c5-39ef2f5d917e