Lege i Nordsjøturnus ved Ålesund legevakt
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Åsesvingen 16, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Lege i Nordsjøturnus ved Ålesund legevakt
Antall stillinger
1
Ålesund legevakt ønsker å auke talet på faste legar på natt. Vi har derfor ei ledig fast stilling, med oppstart januar 2024, eller etter avtale. Stillinga sin storleik blir fastsett før oppstart, men vil vere frå 20 til 60 prosent. Stillinga vil bli organisert som "nordsjøturnus". Det vil vere moglegheit for å påverke turnus noko.
vi søker primært etter spesialist i allmennmedisin, men lege med andre spesialitetar og ALIS vil også vere aktuelle kandidatar. Føresetnaden er at ein fyller kompetansekravet til sjølvstendig legevakt. Ta kontakt dersom du er usikker på om du oppfyller kompetansekravet.
Ålesund legevakt er lokalisert på Åse lokalmedisinske senter. Legevakten har tre tilhøyrande observasjonssenger og ligg tett på Ålesund sjukehus. Ved Ålesund lokalmedisinske senter finn du også eit overgrepsmottak, ØHD-avdeling, samt avklarings- og korttidsavdelingar. Det er eigen bemanning for avdelingane utanfor legevakten. Ålesund legevakt er ein interkommunal legevakt for kommunane Ålesund, Giske, Sula, Fjord og Vestnes, samt delar av Stranda. Om natta yter legevakten tenester til omlag 97 000 innbyggjarar. Legevakten består av legevaktsentral, fast legevakt og legebil.
Ålesund kommune er registrert som ein utdanningsverksemd og kan tilretteleggje for spesialistutdanning i allmennmedisin. Dersom det er ynskjeleg å kombinere stillinga med anna legearbeid, er det moglegheiter for dette i kommunen.
Arbeidsstaden er i vakre Ålesund, med flott natur og eit rikt kulturliv. For meir informasjon om Ålesund og regionen, sjå https://www.visitalesund.com.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Ordinært legevaktsarbeid på natt
- Konsultasjonar, telefonkonsultasjonar og sjukebesøk
- Samarbeid med eksterne aktørar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som lege
- Fullført LIS1/turnustjeneste i Norge
- Sjølvstendig vaktkompetanse
- Beherske norsk og engelsk skriftlig og muntlig
- Førarkort klasse B
- Det må fremleggjast gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
- God arbeidskapasitet og trives med høyt arbeidstempo
- Løysningsorientert, handterar uforutsette situasjoner
- Interesse for allmenn- og legevaktmedisin
- Du følgjer dei krava som stilles til deg som utøvende lege
- Personlig eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Nordsjøturnus med fast arbeidstid 22.00 – 08.00
- Jevnlig internundervisning
- Moglegheit til å delta på akuttmedisinsk samtrening
- Gode lønsvilkår
- Gode pensjons- og forsikringsordninger
- Sjkepengerettigheter som fast ansatt
- Tilrettelegging for ALIS-løp
Kontaktinformasjon
Svein Alan Rønning, Fagansvarlig overlege, 930 52 031Henning Pilskog, Virksomhetsleder, 414 28 558
Arbeidsstad
Åsesvingen 166017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 4707482562
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2437577
- Hentet fra
talentech
- Referanse
182771da64824cd4bd42a7f681e565b5