Ph.d.-stipendiat i det gjensidige samspelet mellom klimaendringar og fornybar energi til havs
Universitetet i Bergen
Allegaten 70, 5007 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i det gjensidige samspelet mellom klimaendringar og fornybar energi til havs
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat
Det er ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan klima/fornybar energi ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen. Stillinga er knytt til Bergen Offshore Wind Center (BOW). Stillinga er for ein periode på 3 år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Framtidige energisystem vil i aukande grad basere seg på fornybare kjelder som havvind, bølgjeenergi og solkraft. Men desse står overfor utfordringar som uregelmessige svingingar, plassavgrensingar, påverknad på marine økosystem og sårbarheit for klimaendringar.
Dette doktorgradsprosjektet, som er del av eit større initiativ ved instituttet, utforskar samspelet mellom klimaendringar og samlokaliserte fornybare energisystem offshore, med hovudfokus på vindenergi. Det undersøker korleis klimaendringar påverkar effektiviteten og pålitelegheita deira, og korleis storskala system påverkar klima regionalt eller på større skala. Kandidaten vil samarbeide med GFI sine energi- og klimagrupper om denne forskinga.
Prosjektet har som mål å vurdere dei langsiktige klimaeffektane av store vindpark-klynger, med utgangspunkt i individuelle vindparkar. Den første fasen involverer integrering av vindparkens vake-effektar i ein klimamodell for å evaluere klima-energi-interaksjonar. Funna vil gje grunnlag for studiar om samlokaliserte energisystem med fleire kjelder ved store vindpark-stader. Ved bruk av avansert analyse og modellering vil forskinga støtte eit rammeverk for strategisk planlegging av fornybar energi, optimalisering av integrering av vind, bølgje og sol, spesielt i periodar med høg produksjon.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innan vêr- og klimavitskap, fysisk oseanografi og meteorologi, anvendt matematikk eller tilsvarande, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Søkjarar må ha sterke programmeringsferdigheitar i eitt eller fleire språk (f.eks. Python, MATLAB, Fortran, C++) og må demonstrere sin kompetanse.
- Sterke analytiske ferdigheiter og evner innan databehandling og matematisk modellering er eit krav.
- Erfaring med vêr- eller klimamodellar er ein fordel.
- Kunnskap om fysikken til vind-, bølgje- og solenergi er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Om stillinga som ph.d.-stipendiat
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr.568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden må du levere ei stadfesting på at mastergradsoppgåva er levert.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Mostafa Bakhoday Paskyabi, GFI/UiB, mostafa.bakhoday-paskyabi@uib.no eller instituttleiar Tor Eldevik (tor.eldevik@uib.no), Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Maria Svåsand, (maria.svasand@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bdebe792-ee04-44c7-8654-5361f1cde64f
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254369