Bid Manager
Ulstein Power & Control AS
Osnesvegen 118, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Bid Manager
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Ulstein Power & Control arbeider med fleire innovative grøne løysingar og system innan power og automasjon. Vi har ein langsiktig horisont med fleire signerte kontraktar på både nybygg og ettermarknadsoppdrag, og gler oss over mykje aktivitet.
Vi er på jakt etter deg som ønsker å bidra til å vidareutvikle salsavdelinga i selskapet, og du vert ein del av eit framoverlent og dyktig team. Stillinga har ein viktig funksjon i selskapet, der du vil ha direkte kontakt med eksterne kundar og leverandørar. I salsfasen er du bindeleddet mellom sal, teknisk og juridisk avdeling, og du vert ein aktiv medspelar i arbeidet med utviklinga av framtidig produktportefølje.
Vi trur personleg utvikling er viktig for at du skal trivast hos oss. Opplæring vil bli gitt der det er naudsynt, og relevant erfaring kan kompensere for mangel på formell utdanning.
Ulstein Power & Control har hovudkontor i Ulsteinvik, og kontor ved Moa i Ålesund.
Aktuelle kandidatar vil bli kontakta fortløpande
Oppgåver du vil arbeide med
- Leie og organisere kalkulasjonsarbeidet
- Utarbeide kalkylar og kvalitetssikre kostnader gjennom salsprosessen
- Kontakt med innkjøp og leverandørar
- Utarbeide salsdokumentasjon og kontraktsforslag
- Delta i forhandlingar med kundar og leverandørar
- Foreta "handover" til organisasjonen etter kontraktsignering
- Stillinga inneber sjølvstendige arbeidsoppgåver i samarbeid med tverrfaglege team
Kunnskap og erfaring som gjer arbeidet enklare
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har erfaring og interesse for sal og skipssystem – gjerne med utdanning innan elektro og/eller økonomi. Teknisk forståing er nødvendig, då du vil ha ansvaret for kalkulasjon og prisfastsetting. Du har også eit ønske om å vere med på å utvikle salsteamet i Ulstein vidare. Då hjelper det å vere strukturert, framoverlent og nysgjerrig, og du ser moglegheiter for forbetringar av eksisterande prosessar og rutinar. Du er resultatorientert og trivst med lagarbeid for å nå felles mål.Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Om du er på jakt etter varierte arbeidsoppgåver, godt samhald og moglegheit for personleg utvikling i eit innovativt konsern, så er dette plassen for deg. Vi har fleire sosiale arrangement gjennom året som gjer det enkelt å bli kjend med kollegar. Ulstein er ein trygg arbeidsplass, også i eit langsiktig perspektiv, så vi har gode forsikrings- og pensjonsordningar, og sjølvsagt AFP.
I hjartet av Sunnmøre
Ulsteinvik er ein flott plass i hjartet av Sunnmøre. Omkransa av holmar, skjer og hav med moglegheit for padling, surfing og fisking og i tillegg fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski.Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, sandstrender, klivrehall, restaurantar og butikkar. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i Sunnmørsalpane.Kontaktinformasjon
Peter Pilskog, Managing Director, +47 90105665Malin Ulla Berg, HR & QA Coordinator, +47 91100410
Arbeidssted
Osnesvegen 1186065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Ulstein Power & Control ASReferansenr.: 4730803286
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.01.2024
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Power & Control AS tilbyr service og ombygging av kraftpakkar og marine automasjonssystem. Selskapet er ein del av forretningsområdet Design & Solutions, som tilbyr design og løysingar for offshoreenergimarknaden (vind, olje og gass), ekspedisjonscruise og fiskeri.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2483798
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d47377902b44460b8b07b8bfe8577ae2