Pota Madre, Norge - Daglig Leder
POTAMADRE AS
Lars Hilles Gate 19, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Daglig Leder
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Potamadre er eit norsk fastfood-konsept i vekst med fleire eigne matvogner og franchise-einingar. Selskapet har dei siste åra hatt sterk vekst i etterspørsel og omsetning, og jobbar no målretta med å vidareutvikle organisasjonen, styrke lønsemda og bygge ein struktur som kan skalerast vidare.
Vi ser no etter ein daglig leder som ønskjer å ta det overordna operative ansvaret for selskapet i Norge.
Dette er ei rolle for ein leiar som trivst med både overblikk og gjennomføring, og som likar å skape struktur, økonomisk kontroll og tydelige prioriteringar i ein organisasjon i utvikling.
Om rollaSom daglig leder vil du ha det overordna operative ansvaret for Potamadre i Norge.
Dette inneber blant anna:
Operativ leiing-
oppfølging av regionsansvarlege og vognansvarlege
-
sikre stabil og effektiv drift av matvognene
-
bygge tydelege ansvarslinjer i organisasjonen
-
sørge for at rutinar og standardar blir følgde
-
oversikt over marginar, kostnader og resultat
-
kontroll på varekost, lønn og andre driftskostnader
-
oppfølging av leverandøravtalar og prising
-
bidra til betre økonomisk struktur og rapportering
-
etablere gode system for oppfølging og rapportering
-
sikre at organisasjonen har klare prioriteringar
-
bidra til å rydde opp i struktur og arbeidsprosessar
-
implementere tiltak som faktisk blir gjennomført
-
bidra til å vidareutvikle organisasjonen i takt med veksten
-
vere ein sentral sparringspartnar for gründer
-
delta i planlegging av nye lokasjonar og vidare utvikling
Rolla vil vere både strategisk og operativ, og krev ein leiar som trivst tett på kvardagen i drifta.
Kven vi ser etterVi ser etter ein erfaren leiar som har:
-
erfaring frå drift av fleire einingar innan restaurant, fastfood, retail eller service
-
solid forståing for økonomi, kostnadskontroll og lønsemd
-
erfaring med å bygge struktur og system i ein operativ organisasjon
-
evne til å prioritere og skape framdrift i ein travel kvardag
-
tydeleg, men rettferdig leiarstil
-
høg gjennomføringsevne
Formell utdanning kan vere ein fordel, men praktisk erfaring frå drift og leiing er viktigast.
Personlege eigenskaparVi trur du:
-
trivst i eit miljø med tempo og mykje aktivitet
-
er strukturert og analytisk
-
er trygg i avgjerder og ansvar
-
er løysingsorientert og praktisk
-
likar å få ting til å fungere i praksis -- ikkje berre på papir
Om bedriften
Potamadre AS starta opp i oktober 2024, og har sidan den gong hatt ein veldig rask vekst. På litt over eitt år har vi starta opp 12 lokasjonar -- inkludert ei vogn i USA og eitt fast lokale. Vi har store ambisjonar om vidare vekst, både gjennom eigne einingar og gjennom franchisekonsept.
Konseptet til Potamadre er bygd på god og smaksrik mat, rask servering og høg verdi for pengane. Vi er stolte av produktet vi serverer. Det ligg mykje arbeid bak oppskriftene våre -- både i utvikling, finpussing og kvalitetssikring av heile prosessen. Frå råvarer og produksjonskjøkken, til matlaging i vogn og heilt fram til servering til kundane våre.
No ser vi etter ein person som kan bli ein viktig del av teamet vårt, og vere med å bygge like gode verdiar, struktur og resultat administrativt som vi har gjort på produkt og drift.
Vi tilbyr
-
ei sentral rolle i eit norsk konsept i vekst
-
stort handlingsrom og reell påverknad
-
tett samarbeid med gründer og organisasjonen
-
moglegheit til å vere med å bygge vidare eit konsept med nasjonale ambisjonar
-
konkurransedyktige vilkår og insentivordningar
Gründer vil framleis vere aktiv i selskapet og arbeide med konseptutvikling, nye idear, marknadsføring og vekstinitiativ.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bdc4643b-2af4-4df6-8b82-a43fe3cfb7d0
- Sist endret
22. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
454675979