NVE søkjer medarbeider til vårt arbeid med planlegging, prosjektering og leiing av sikringstiltak mot flaum og skred
Region Vest, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)
Naustdalsvegen 1B, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar / Planleggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 7. september
NVE har eit viktig samfunnsoppdrag med å betre samfunnets evne til å handtere flaum- og skredrisiko. Vi søkjer deg som vil bidra til å auke sikkerheita for folk som bur flaum- og skredutsett til, samtidig som vi tek i vare miljøverdiar og klimaendringar med ein tilpassing frå grå til grøn ingeniørkunst. Vårt regionkontor i Førde utlyser nå ei stilling som planleggar/prosjektleiar, der du vil bidra i vårt arbeid med planlegging, prosjektering og leiing av sikringstiltak mot flaum og skred. I stillinga vil du inngå som ein del av den regionale eininga som planlegg og byggjer sikringstiltak mot flaum og skred, og handterer beredskapssituasjonar.
NVE region vest omfattar Vestland og Møre og Romsdal fylke. Dette er eit område som har store utfordringar med flaum og erosjon i vassdrag, utfordringar med alle typar skred i bratt terreng, samt utfordringar med store ustabile fjellparti. Vi planlegg og utfører mange sikringstiltak i tett samarbeid med kommunane. Ved flaum- og skredhendingar er vi fagleg rådgivarar for politi og kommunar.
Region vest har kontor i Førde, der vi er om lag 40 tilsette i eit bredt, tverrfagleg miljø. Du vil komme til eit entusiastisk og inkluderande arbeidsmiljø, der vi løyser viktige samfunnsoppgåver i fellesskap. Her vil du få vere med å påverke utviklinga innan faget, og du vil samarbeide med alle viktige aktørar innan naturfare i Noreg.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver vil avhenge av kvalifikasjonane dine og kan typisk vere:
- prosjektering av flaum-, erosjons- og skredsikringstiltak med ein god miljømessig tilpassing
- prosjektleiing/planlegging av sikringstiltak, der flaum-, erosjon-, skred- og miljøfaglege utfordringar forenes i best moglege løysingar
- deltaking i NVE sitt beredskapsarbeid på flaum- og skredområdet, inkludert innsats i beredskapsituasjonar
- rettleiing om tiltak i vassdrag og skredutsette områder og delta på synfaringar
- ha dialog med grunneigarar, tiltakshavar, kommunar, rådgivarar og entreprenørar, samt kunne delta på folkemøte og informasjonsmøte.
- bidra til fagleg utvikling på området og rettleiing av eksterne aktørar.
- det må påreknast ein del reiseaktivitet, 20-40 reisedøgn i året
Kvalifikasjonar
Krav:
- høgare relevant utdanning eller tilsvarande erfaringsbasert realkompetanse
- god skriftlig og muntlig kommunikasjon på norsk
- førerkort klasse B
- trivst med ein kombinasjon av kontorarbeid og synfaring
- kan kommunisere fag til ikkje-fagfolk
Ønskelege kvalifikasjonar:
- erfaring med planlegging og prosjektering, helst av sikringtiltak mot flaum, erosjon og/eller skred
- kunnskap om et eller fleire av følgjande fagområde: vassdragsteknikk/hydraulikk, geoteknikk, anleggsteknikk og miljøretta ingeniørfag
- erfaring med prosjektarbeid/prosjektleiing
- erfaring med arbeid med vassdrag og/eller skred
- erfaring med beredskapsarbeid
- kunnskap om vassdragsforvaltning, byggherreforskrifta og plan- og bygningslova
- erfaring med anbodsprosessar og kunnskap om regelverket for offentlege innkjøp
- gode IKT-ferdigheiter og erfaringar med relevante digitale verktøy
- evne til fagleg utvikling
Personlige egenskaper
- du er fagleg engasjert, ser moglegheiter og tek initiativ
- du har evne til å arbeide sjølvstendig, effektivt og løysningsorientert
- du liker å samarbeide i team og er sosialt omgjengeleg
- du er endringskompetent
- du er fleksibel og innstilt på å yte ekstra om det er naudsynt
Det vert lagt vekt på om du er personleg eigna.
Vi tilbyr
- eit sterkt fagmiljø på flaum- og skredområdet der du kan vidareutvikle deg fagleg og personleg samen med trivelege og engasjerte kollegar
- innflytelse på eit samfunnsområde og eit fagområde som vert stadig viktigare
- ein variert arbeidskvardag med stor fleksibilitet og korte slutningsvegar
- stor kontaktflate, både internt og eksternt
- trivelege kontorlokale sentralt i Førde
- livsfaseorientert personalpolitikk
- trening i arbeidstida
- medlemskap i Statens Pensjonskasse som blant anna gjer gode tilbod på lån
Tilsetjing i stillingskode avdelingsingeniør/overingeniør/senioringeniør (1085/1087/1181) eller førstekonsulent/rådgiver/seniorrådgiver (1408/1434/1364), og årslønna di tilpasses kvalifikasjonane dine. Frå lønna trekkast pensjonsinnskott etter gjeldande reglar.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Me vil leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi oppmodar søkjarar til å kryssa av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me innkalla minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandlet på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen.
Vi ber om at vitnemål/karakterutskrifter og attestar blir lasta opp som vedlegg til den elektroniske søknaden.
Viss du ønskjer å bli sett bort frå frå den offentlege søkjarlista, må du grunngi dette. Vi varslar deg viss vi ikkje tek ønsket ditt tilfølge. Du vil då få moglegheita til å trekkja søknaden før offentleggjering.
Kontaktinformasjon
Jostein Mårdalen, regionsjef, 98283910Jan Bakke Flore, sjefingeniør, 97738949
Benjamin Stabell, HR-kontakt, +47 91192023
Arbeidssted
Naustdalsvegen 1B6800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE)Referansenr.: 4990027276
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.09.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Benjamin Stabell
HR-kontakt
+47 91192023
Jan Bakke Flore
sjefingeniør
97738949
Jostein Mårdalen
regionsjef
98283910
Om bedriften
Me forvaltar Noregs vatn- og energiressursar til samfunnets beste. Det er vårt ansvar å sørgja for at straumen blir levert, halda tilsyn med kraftbransjen, utvikla regelverk og behandla søknader om konsesjon til fornybar energiproduksjon.
Me overvaker og varslar om naturfare for å hjelpa samfunnet med å handtera flaum og skredrisiko. Me er den nasjonale faginstitusjonen for hydrologi og driv med forsking.
NVE har mål om å vera ei klimamedviten og berekraftig verksemd og me jobbar aktivt med å redusera vårt eige klimafotavtrykk.
NVE har over 700 tilsette, med hovudkontoret i Oslo og regionkontor i Tønsberg, Hamar, Førde, Trondheim og Narvik. Me er eit direktorat underlagt Energidepartementet.
NVEs samfunnsoppdrag omfattar kritisk infrastruktur og er underlagt tryggingslova (sikkerhetsloven). Førebyggjande tryggingsarbeid blir vektlagt, under dette tryggingsmessige kvalifikasjonane til dei tilsette.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bdba26c6-9cf4-42c8-96ed-36e552a22c3c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
61237f51a43a45c9b57333cb856182d2