Lærdalsøyri barnehage
Lærdal kommune Lærdalsøyri barnehage
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. juli
Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn.
Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus.På grunn av auka barnetal, samt satsing på tettare bemanning, søkjer me deg som brenn for pedagogisk arbeid i barnehagen. Me ønskjer oss fleire kollegaer som vil bidra til god kvalitet i Lærdalsøyri barnehage.
Lærdalsøyri barnehage er ein 7-avdelings barnehage, lokalisert i vakre omgjevnader sentralt på Lærdalsøyri. Barnehagen ligg i kort avstand til skule, bibliotek og idrettsanlegg, der me har fleire aktivitetar i veka. Det går om lag 100 born i barnehagen, og me er kring 30 tilsette.
Lærdalsøyri barnehage har fokus på FN sine bærekraftsmål og korleis me saman kan forme framtidas miljømedvitne Lærdøler. Lærdal kommune si satsing «Grøne Lærdal» er gjennomgåande i vårt pedagogiske arbeid. Me har særskilt fokus på ein god overgang frå liten til stor avdeling og frå barnehage til skule, og jobbar systematisk med rettleiing i personale.
Det er ledig fast 100% stilling som barne- og ungdomsarbeidar/assistent
I stillinga vil du:- Arbeide på avdeling med barn 1-6 år:
- Inngå som ein del av det pedagogiske personale
- Delta i planlegging, gjennomføring, dokumentering og evaluering av det pedagogiske arbeidet i barnehagen
- Gi omsorg for det enkelte barnet og barnegruppa
- Delta aktivt i leik og aktivitetar saman med barna
- Halde deg fagleg oppdatert og dele fagleg kunnskap med dine kollegaer
- Bidra til å skape eit godt læringsmiljø og ein inspirerande barnehagekvardag saman med dine kollegaer
- Vere ein god rollemodell
- Som barnehagelærar bidra med rettleiing av det øvre personalet
- Bidra til eit godt og trygt lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Ta initiativ til- og arbeide for eit godt samarbeid med føresette
- Delta i utviklingsarbeid lokalt i barnehagen og regionen
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar som:
- Positive haldningar
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Om du er fleksibel og løysingsorientert
- Evne og ynskje om å tileigne seg ny kunnskap, og nytte dette aktivt i arbeidet med borna
- Gode munnlege- og skriftlege norskkunnskapar
- Om du er ryddig og punktleg
- Me søkjer deg som er positiv og har godt humør
- Søkjar må vere fylt 18 år
- Me oppmodar menn om å søkje
Det er eit føremon med erfaring i frå arbeid i barnehage ved alle stillingane. Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Me kan tilby:- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåver
- God pensjons- og forsikringsordning
- Opplæring vil bli gitt
Den som vert tilsett må leggje fram gyldig politiattest (ikkje eldre enn 3 månader). Politiattest skal ikkje leggjast ved søknaden, men ved tilsetjing.
Lønnsvilkår:- lønn etter tariff
- pensjonsordning med 2 % innbetaling til KLP
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bd87b691-30df-40d3-89a2-da04b29e60f0
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3519237_228191_nn