Tømrere Nordfjord
Veidekke Entreprenør AS
Ulvesundvegen 1, 6718 Deknepollen
Om jobben
- Stillingstittel
- Tømrer
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. februar
Veidekke Bygg Sogn og Fjordane har behov for fleire tømrarar i Nordfjord. Akkurat no bygger vi Skram skule i Måløy i Kinn kommune, og prosjektet går fram til sommaren 2027.
Vi ser etter deg som er strukturert, sjølvgåande og likar å levere god kvalitet og service i arbeidet ditt. Og ikkje minst har stå-på-vilje og godt humør. Du har fagbrev i tømrarfaget og lyst til å vere med å vidareutvikle vårt distrikt innan våre satsingsområde bolig, næring, skule og offentlege bygg.
Som tømrar har du ansvar for framdrift og produksjon med laget ditt. Du sørger for god flyt i produksjonen og har ei involverande arbeidsform. Veidekke er leiande i bruk av digitale verktøy på byggeplass, og du vil bli ein del av eit involverande, innovativt og framtidsretta arbeidsmiljø der BIM er ein del av vår kvardag.
I distriktet jobber vi vanlegvis 4- eller 5-dagers veke, og i nokre tilfeller i rotasjonsordningar. Dersom du er mobil og ynskjer å vekependle så er det høve til det, men vi ynskjer fortrinnsvis at du er busett i vårt distrikt.
Kvalifikasjonar-
Fagbrev innan tømrarfaget (anna relevant erfaring/kompetanse kan bli vurdert -- vi tilset også vaksenlærlingar)
-
Snakkar norsk, svensk eller dansk
-
Engasjert
-
Kvalitetsbevisst
-
Interessert i ny teknologi og digitalisering
-
Høgt fokus på HMS
-
Fast jobb i eit uformelt og godt arbeidsmiljø hos ein trygg og seriøs arbeidsgivar
-
Fri mobiltelefon
-
Personleg verktøypakke
-
Gode lønnsvilkår og ordningar for forsikring og pensjon
-
Framtidsretta arbeidsmetodar, gode utviklingsmulegheiter og digitale løysingar
Vi har eit bredt spekter av kurs og opplæring hjå oss. Gjennom vår ordning for aksjekjøp får du høve til å eige aksjar i eiga bedrift saman med kollegaene dine. I dag eig om lag halvparten av dei tilsette i Veidekke 10 % av aksjane i selskapet, noko som er ganske unikt for store selskap i Norge.
Har du spørsmål til stillingen så hører vi gjerne fra deg.
Om bedriften
Veidekke er ein av Skandinavia sine største entreprenørar. Selskapet utfører alle typar bygg- og anleggsoppdrag, vedlikeheld vegar og produserer asfalt, pukk og grus. Involvering og lokalkunnskap kjenneteikner verksemda. Omsetninga er om lag 41 milliardar kroner, og nær halvparten av dei 8 000 medarbeidarane eig aksjar i selskapet. Veidekke er notert på Oslo Børs og har sidan starten i 1936 alltid gått med overskot.
Veidekke Bygg driv landsdekkande byggeverksemd for private og offentlege kundar. Verksemda bygger bolig, yrkesbygg, skular og andre offentlege bygg. Årleg omsetning er NOK 14,9 milliardar (2024), og verksemda har ca 2 900 tilsette, der 1 600 er fagarbeidarar og 1 300 funksjonærar.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bd736200-e71d-45ef-9cc0-e302d9d6a192
- Sist endret
29. januar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
448337189
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Måløy Byggservice As
Sted
Deknepollen, Kinn
Fagarbeider bygg- og anleggsteknikk
Arbeidsgiver
Veidekke Entreprenør As Fo Vest Avd Sandane
Sted
Måløy, Kinn
Arbeidsgiver
Skuteviken Personell AS
Sted
Bergen, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Samnanger, Vestland, Øygarden