Hopp til innhold

Sjukepleiar/spesialsjukepleiar

Arbeidsgiver

Kirurgisk sengepost Volda, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Kløvertunvegen 1, 6103 Volda

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/spesialsjukepleiar
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Fast, deltid 90%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 19. april

Kirurgisk og ortopedisk sengepost har ledig fast 90% stilling som sjukepleiar!

Er du på jakt etter ein spennande og utfordrande arbeidsplass? Då er kirurgisk og ortopedisk sengepost noko for deg!

Her får du jobbe i eit solid fagmiljø saman med hyggelege og engasjerte kollegaer, der vi alle har eit tydeleg fokus på å gi pasientane den beste moglege behandlinga. Vi har hovudsakleg kirurgiske og ortopediske pasientar, men også gynekologiske pasientar. Samarbeid er nøkkelen for at pasientane skal få ei god oppleving under opphaldet på sjukehuset, og her vil du spele ei viktig rolle. Sengeposten er prega av eit høgt tempo, og her får du møte mange varierte og spennande utfordringar. Med mange ulike diagnosetypar gir denne arbeidsplassen høve til å utvikle kompetansen din på fleire område. I tillegg kan vi tilby eit trygt og sosialt arbeidsmiljø, der samhald og humor er viktige verdiar. Bli ein del av vårt engasjerte team, og ta del i eit arbeidsmiljø der du både kan utvikle deg fagleg og trivast som kollega.

Ved interne omrokkeringer kan andre stillingsprosenter bli ledig.


Arbeidsoppgåver

  • 3-delt turnus inkludert nattevakter
  • Arbeid kvar 3. helg
  • Pre- og postoperativ sjukepleie til planlagde og akutte operasjonar
  • Planleggje og utføre ulike prosedyrar
  • Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke
  • Sjukepleie til palliative pasientar
  • Samhandling med kommunane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Rettleiarkompetanse kan bli vektlagt
  • Videreutdanning som er relevant for vår seksjon vil bli vurdert

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt til pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du har fleksibel haldning til nye oppgåver eller arbeidsmåtar i ulike miljø
  • Du har evne til å halde overblikk og forstå heilheita i seksjonen
  • Du har interesse for å utvikle eigen og andre sin kompetanse
  • Du må trivast med høg aktivitet i arbeidet
  • Du har vilje, interesse og evne til samarbeid med ulike yrkesgrupper
  • Du medverkar til å oppretthalde eit godt psykososialt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Fagutvikling
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.

Volda ligger midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell. Opplev Sunnmøre med alt den flotte naturen kan by på, fra djupe fjorder og vakkert kystlandskap, til flate fjelldalar, utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit blomstrande kultur- og idrettsliv, og eit aktivt høgskulemiljø. Det er gode flysamband til heile landet frå Ørsta/Volda lufthamn som ligg 10 minutt frå sjukehuset.Les meir om Volda her

Kontaktinformasjon

Julianne Hovden, Seksjonsleiar, 41559959, julianne.hovden@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1
6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5094052619
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 01.05.2026
Søknadsfrist: 19.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Julianne Hovden

Seksjonsleiar

41559959

julianne.hovden@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bd63cd58-3080-4d2f-bb8f-a82a4bc3006e

Sist endret

31. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8562a9e537f746d5bc7be1edec767f61

Lignende annonser

Laster lignende annonser