Vil du vere med å skape trygge og gode skulekvardagar?
Svortland skule
Idrettsvegen 100, 5430 Bremnes, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljørettleiar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Svortland skule har ledig vikariat som miljørettleiar for eit år med oppstart 1. august 2025. Me ser etter deg med høgskuleutdanning til å styrke det miljøretta arbeidet ved skulen.
Svortland skule er Bømlo sin største barneskule med 326 elevar og 57 tilsette. Skulen har elevar frå mange ulike land, og ca. 30% av elevane har minoritetsspråkleg bakgrunn. Skulen har innføringstilbod for nyankomne minoritetsspråklege elevar.
Skulen ligg i kommunesenteret Svortland, med Svortlandsmarka som næraste nabo. Like ved ligg også Sentralidrettsanlegget, to barnehagar, Bremnes ungdomsskule og Bømlo vidaregåande skule.
Arbeidsoppgåver
- Miljøretta arbeid for og med barn og unge med særskilde behov.
- Oppfølging av barn, og samarbeid med andre instansar for å sikre eit heilskapleg tilbod.
- Saman med barn og andre tilsette lage gode dagar med aktivitet og rutinar.
- Delta i rettleiing frå samarbeidande teneste.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning.
- Ønskjeleg med relevant erfaring innan miljøarbeid.
- Erfaring med åtferds- og samspelvanskar er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Du er glad i barn og oppteken av å forstå åtferda deira.
- Du er ein god relasjonsbyggjar og er trygg og forutsigbar når du blir utfordra.
- Du er påliteleg og ansvarsfull.
- Du er sjølvstendig, men samarbeidar òg godt med andre.
- Du er fleksibel og løysningsorientert.
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune.
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben.
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 10-9.
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn.
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med rektor Kari Østensen.
Kontaktinformasjon
Kari Østensen, 993 86 606Arbeidsstad
Idrettsvegen 1005430 Bremnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommuneReferansenr.: 4951087672
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 27.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Kari Østensen
993 86 606
Om bedriften
Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.
Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912678
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b4c0e6a364f94c3eb25989e39f6cf221