Du gjev skulen vår kompetanse, vi gjev deg erfaringar.
Solund kommune Solund barne- og ungdomsskule
Hardbakke, 6924 Hardbakke
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling ledig i øyriket Solund, heilt vest i Noreg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Solund, øyriket ytst i Sognefjorden. Vi har eit godt utvikla tenestetilbod i kommunesenteret Hardbakke med skule, barnehage, butikksenter og gode kommunikasjonar til fastlandet. Solund er eit eldorado for friluftsaktivitetar på både sjø og land, til dømes kajakkpadling og fotturar.
Ledig undervisningsstilling - fortløpande tilsetjingSolund barne- og ungdomsskule er ein 1-10 skule med om lag 65 elevar, lokalisert på Hardbakke. Skulen har 4-delt barneskule og 2-delt ungdomsskule. Skulen har om lag 12 lærarstillingar. I tillegg kjem reinhaldspersonell og fagarbeidarar. Vi arbeider prosessorientert i utviklingsarbeidet vårt og prøver å ta med erfaringar vi gjer oss undervegs når vi skal til med endra praksis for å auke læringsutbytte hjå elevane. I oktober vert det studietur på personalet der vi skal arbeide med tema som omhandlar læringsutbyttet til eleven. Ved SFO er det 14 elevar. Leksehjelp vert gjeve med ein time kvar veke.
ArbeidsoppgåverVi har ledig stilling for den som
- har kompetanse til å undervise i eit eller fleire av faga musikk, kunst og handverk, engelsk, norsk, matematikk, naturfag og grunnleggande norsk for minioritetar. Traff ikkje faga heilt? Kom i dialog med oss så finn vi ut av det!
- ønskjer utvikling, leitar etter løysingar og nyttar handlingsrommet som ligg i skulekvardagen.
Kvalifikasjonar- har relevant pedagogisk utdanning/undervisningskompetanse
- har fag i fagkretsen som skulen har behov for
- søkjarar med utanlandsk utdanning må ha NOKUT godkjenning
Personlege eigenskapar- har evna til å motivere andre og utvikle meistringsklima
- vil vere med og utvikle miljø for lærelyst
- likar å arbeide med menneske og møter menneske på ein god måte
- ser skulen i heilskap med lokalsamfunn og omgivnader
- har humor, er fleksibel, opptekne av å samarbeide og er ein teambyggar
- tek ei utfordring på strak arm
- har lyst å vere del av eit lite samfunn
- har evna til å bygge relasjonar
Vi tilbyr- Nyutdanna lærarar, utan undervisningserfaring, får redusert undervisning med ein time dei to første undervisningsåra og har mentor/rettleiing i desse åra.
- Du som er ny på skulen vert knytta til ein mentor/fadder. Behovet vert avtala med deg.
- Rekrutteringstiltak med kr 20 000,- tillegg på årsløn.
- Flyttegodtgjersle med inntil kr 30 000,- og bindingstid med 2 år.
- Eit oppvekstmiljø som har starta endringsprosessar med å utvikle læringssmiljøet
- Verte del av ei personalgruppe som ønskjer utvikling og er open for nye tankar
Søkjar må legge vekt på å presentere seg opp mot det som vert etterspurt i utlysingsteksten. Den som vert tilsett må vere trygg i norsk språk, både muntleg og skriftleg. Solund kommune brukar nynorsk skriftspråk.
Tilsetjing elles i tråd med HTA. Løns- og arbeidsvilkår er i h.h.t. gjeldande lov, reglement og avtaleverk. Prøvetid med 6 månader.
I tråd med opplæringsslova og lov om helsepersonell er det krav om godkjend politiattest og utfylt MRSA- og tuberkuloseskjema ved oppstart i stillinga.
Attestar og vitnemål må leggjast fram i samband med intervju.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem, For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukaridentitet og passord i EasyCruit.
Velkomen som søkjar!Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2297530
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3140147_140891_nn