LEDIG STILLING SOM PEDAGOGISK LEIAR
Kviteseid Kommune
3850 Kviteseid
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogisk leder (barnehage/førskole)
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Er du ein positiv og tydeleg leiar med omsorg for barna? Då søkjer vi etter deg!
Vi lyser etter barnehagelærarar til 100 % stilling som pedagogisk leiar i Kviteseid kommune frå barnehageåret 2023/2024. Fleire stillingar er ledige, både faste og vikariat i alle barnehagane.Kviteseid kommune har desse einingane for barnehage, og alle dei tre einingane kan vera aktuelle arbeidsstader.
Kviteseid barnehage ligg saman med Kviteseid skule i nærleiken av Kviteseid sentrum. Barnehagen har 59 plassar for barn i alderen 1-5 år.
Brunkeberg oppvekstsenter Ligg saman med Brunkeberg skule i Brunkeberg og har 48 plassar for barn i alderen 1-5 år.
Straumsnes barnehage ligg i Vrådal og har 24 plassar for barn i alderen 1-5 år.
**Kvalifikasjonar:**Godkjent og gjennomført 3-årig barnehagelærarutdanning eller anna relevant høgskuleutdanning med barnehagepedagogikk.
Arbeidsoppgåver:- Syte for at alle barna har ein trygg stad å vere
- Leie og organisere arbeidet på avdelinga du er ansvarleg for
- Førebu og gjennomføre det pedagogiske innhaldet i barnehagedagen
- Vera rettleiar og inspirator for andre tilsette
- Syte for at nødvendig informasjon blir gitt
- Ansvar for å utarbeide månadsplanar
- Førebu og gjennomføre foreldresamtaler
- Utvikle eit trygt og godt foreldresamarbeid
- Tydeleg og varm leiar med barnets beste i fokus
- Engasjert, leiken og ansvarsfull
- Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
- Gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
- Glad i og interesse for å vera ute og bruke uteområde og nærmiljø
- Evne til å bygge og leie gode team
- Løysingsorientert, fleksibel, sjølvstendig og gode samarbeidsevner
Tilsetting vil skje i samsvar med aktuelle lovar, reglement og avtaler, løn etter tariff. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn på intervju.
Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk.
Attestar og vitnemål leggast ved den elektronisk søknaden.
Den som blir tilsett må levere politiattest jf. Lov om barnehager §30.
Om bedriften
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2293921
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
bd19fb36-db16-4579-b0e1-9b706e8bbb4b