Sosionom
LAR poliklinikk Haugesund, Helse Fonna HF
Strandgata 202, 5525 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sosionom/Klinisk sosionom
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. august
Vil du vera med å videreutvikla vår poliklinikk?
LAR poliklinikk Haugesund er ei ny eining som frå oktober 2025 vil vera ein del av nyoppretta Avdeling for Rus og Avhengigheit (ARA) i Helse Fonna.
Ved å samle ressursar og fagutvikling innan rus og avhengigheit i ei avdeling, er intensjonen å bygga ei god og framtidsretta tjeneste med satsing på TSB-feltet (tverrfagleg spesialisert rusbehandling).
Poliklinikken gir behandling til personar med ruslidning kor målsetjinga vår er å tilby eit omfattande og heilskapleg behandlingstilbod i samsvar med nasjonale retningslinjer, der både rehabilitering og utdeling av LAR-medikasjon vil vera våre arbeidsoppgåver.
Du blir ein del av eit tverrfagleg team, og saman arbeider me for å gi pasientane eit grunnlag for vidare meistring i livet. Poliklinikken er lokalisert i Haugesund sentrum og vi arbeidar kun dagtid.
Vi er ein gjeng med engasjerte medarbeidarar som står klar til å ta imot deg, så søk snarleg om du er
interessert!
Kva går jobben ut på?
- Behandlaransvar for pasientar med TSB rettigheter og som er i LAR behandling
- Utdeling av LAR-medikasjon, samt ulike prøvetakingar
- Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus
- Utgreie og søke inn pasientar til relevant institusjonsbehandling
- Eksternt og internt samarbeid for ei heilskapeleg tilnærming til psykiske, somatiske og sosiale forhold
- Deltaking i ansvarsgrupper rundt pasientane
- Undervisning, rettleiing og konsultasjon ved behov overfor kollegaer og interne/eksterne samarbeidspartnarar
- Kontinuerleg fagleg oppdatering, inklusive nasjonale faglege retningsliner, rettleiarar m.m.
- Dokumentasjon av behandlingsintervensjonar og samarbeid gjennom journalføring og rapportering
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Bachelor i sosialt arbeid (sosionom)
- Vidareutdanning innan rus og/eller psykisk helsearbeid eller annan relevant vidareutdanning er ein fordel, men ikkje eit krav
- Erfaring med individuell behandling av ruslidelser/psykiske lidelser fra poliklinikk i DPS/sykehus/kommunal psykisk helsetjeneste er ønskeleg
- Førarkort for bil
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Gode IKT kunnskaper er ein fordel
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er ein lojal og trygg kollega
- viser engasjement og interesse for pasientgruppa
- er god på teamarbeid, men jobbar også godt sjølvstendig
- har gode kommunikasjonsevner og relasjonsferdighetar
- er strukturert
- handterer stress og har evne til å stå i krevande situasjoner
- er audmjuk i ditt arbeid
- er fleksibel
- har evne til ryddig og god dokumentasjon
- setter deg inn i og jobbar etter poliklinikken sine rutinar og praksis
- tar eit kollektivt ansvar for å løyse våre felles utfordringar
Personleg eignethet vil bli tillagt stor vekt
Kvifor skal du velje oss?
- Eit stabilt og triveleg arbeidsmiljø
- Rettleiing og opplæring
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs bedrift (IA-bedrift)
Vitnemålsportalen
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Iselin Rundhaug, Funksjonsleiar LAR poliklinikk Haugesund, 90197976, iselin.karina.sterri.rundhaug@helse-fonna.noArbeidsstad
Strandgata 2025525 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4990108596
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025
Kontaktperson for stillingen
Iselin Rundhaug
Funksjonsleiar LAR poliklinikk Haugesund
90197976
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bcfc37c6-a1b5-4536-8508-8012d520b0e7
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e1df04b4675c4dc1bea81df59db28e4c