Ågotnes skule
ÃÂygarden kommune ÃÂ gotnes skule
ÃÂygarden rÃÂ¥dhus, Foldnesvegen 1, 5354 Straume
Om jobben
Stillingstittel
Lærar 80% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Antall stillinger
1
Ågotnes skule er ein middels stor barneskule på Ågotnes i Øygarden kommune om lag ein halv times køyretur frå Bergen. Ågotnes-området har tilflytting av folk og elevtalet er stabilt/svakt aukande. Skulen stod ferdig til skuleåret 1981/82 og vart påbygd i 1994 og i 2005/2006. Fram til skuleåret 2010/2011 var skulen ein kombinert barne- og ungdomsskule, men er i dag ein rein barneskule.
Visjonen vår: «Ein god stad å vere, ein god stad å lære». Vi er oppteken av at skulen skal vere eit inkluderande fellesskap som fremjar helse, trivsel og læring for alle. Skulen er ein SUPER!! skule og tek del i programmet «Barneskulen som samfunnsbyggar»
Arbeidsoppgåver:
- Timeundervisning på 1.-7. trinn
- Spesialundervisning og grunnleggande norskopplæring
- Bidra til eit lærande fellesskap med elevane og med personalet.
Kvalifikasjonar:
Må ha:- Utdanning som er godkjend for undervisning på 1.-7. trinn
- Gode digitale ferdigheiter
- God framstillingsevne munnleg og skriftleg
- Formell spesialpedagogisk kompetanse
- At ein har erfaring frå spesialpedagogisk undervisning i skulen
- Du er ein god og tydeleg klasseleiar.
- Du er engasjert i korleis ein kan skape eit god læringsmiljø, der både elevar og kollegaer lærer og utviklar seg.
- Du er positiv og samstundes lojal mot felles avgjersler.
Anna:
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Tore Foldnes
Rektor Ågotnes skule
Telefon: 55097804 eller 47235162
Magne Abelsen
Avdelingsleiar Ågotnes skule
Telefon: 55097803 eller 41206160
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkaren varsla om dette.
Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2491920
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3265535_222135_nn