Vi søkjer DevOps-ingeniør til IT-avdelinga
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vi søkjer DevOps-ingeniør til IT-avdelinga
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. januar
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAOm stillinga:
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.
IT-avdelinga har om lag 140 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar.
Vi søkjer ein senior DevOps-ingeniør som skal vere bindeledd mellom utviklarar og infrastrukturen informasjonssystema skal køyre på, og som skal bidra til automatisering, drift og utvikling av moderne IT-løysingar.
Arbeidsoppgåver:
- Byggje automatiserte pipelines som agerer på hendingar i Git
- Byggje containere som tilfredsstiller krava for køyring på føretrekt plattform
- Innhente og visualisere metrikar frå køyremiljø
- Kommunisere krav til logging og andre tekniske krav til applikasjonsansvarlege
- Bestille og tilgjengeleggjere nødvendige ressursar (databasar, S3-bøtter, etc.)
- Bruke automatiserte testar for funksjon, ytelse og ressursbruk
- Synleggjere og tilgjengeleggjere alt arbeid i git (ingen manuelle workarounds)
- Samarbeide tett med utviklarar og driftspersonell
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Minimumskrav:
- Composer og JS package managers
- Moderne PHP rammeverk som f.eks Symfony/Drupal eller tilsvarende
- Linuxkompetanse
- Erfaring med webserverteknologi og ingress-kontrollere i kubernetes
- Erfaring med Kubernetes i tillegg til Docker, Podman eller liknande
- Erfaring med bruk av Git workflows
Ønskt kompetanse:
- Erfaring med å skrive automatiserte testar som unit, integrasjon og end-to-end testar i PHP
- Erfaring med MySQL/MariaDB, og PostgreSQL
- Erfaring med FluxCD eller ArgoCD
- Kjennskap til object storage (t.d. S3)
- Erfaring med prosjektmetodikk
- Erfaring frå liknande prosjekt i UH-sektoren
Personlege eigenskapar:
- Evne til å byggje gode relasjonar internt og eksternt
- Nysgjerrig, løysingsorientert og med god arbeidskapasitet
- Forståing for informasjonstryggleik
- IT-teknisk kompetent og lærevillig
- Evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og effektivt
- Gode kommunikasjonsevner på engelsk og norsk
Formelle krav: For senioringeniør er kravet mastergrad innan relevant fagområde eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
- Løn i stilling som senioringeniør (kode 1181) i årsløn kr. 700 000 - 890 000, avhengig av kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare løn bli vurdert
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Arbeidsplass i eit mangfaldig og inkluderande miljø
- Fleksitid og gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Produktområdeleiar Kristian Holst, epost kristian.holst@uib.no, tlf. 48 16 26 82.
Den som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bc7b05ea-4ad4-4309-baa9-7d5fa3684c89
- Sist endret
17. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274103
Lignende annonser
Plattformingeniør.
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Driftsteknikar
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen