Advokat Stord/ Haugesund - Advokatfirmaet Responsa AS
Advokatfirmaet Responsa AS
Sæ 136, 5417 Stord, Haugesund, Stord, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Advokat
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Responsa er i stadig vekst og utvikling, og søkjer difor advokat i området Stord/Haugesund. Me søkjer deg som har sterke faglege kvalifikasjonar og ambisjonar, og som vil vere med på å vidareutvikle og styrkje firmaet vårt -- og deg sjølv!
Er du ein erfaren advokat og vil jobbe i eit firma som set pris på at du er dyktig, har samarbeidsglede, engasjement og humor? Då kan du verte ein del av vårt lag!
Arbeidsstad vil vere ved vårt kontor på Stord eller vårt kontor i Haugesund (aktuelt begge stader).
Me tilbyr gode vilkår og høve til å påverke din eigen arbeidskvardag i stor grad.
I utgangspunktet søkjer me etter advokat, men juristar utan advokatløyve vert også oppmoda til å søke (for advokatfullmektigstilling).
Om bedriften
Advokatfirmaet Responsa AS er eit sterkt og samla juridisk kompetansehus med kontor i Haugesund, på Stord og Voss. Me er i dag 15 tilsette med ulik bakgrunn og kompetanse, og tar på oss oppdrag innanfor dei fleste juridiske felt. Engasjement, kvalitet og mangfald er kjerneverdiane i verksemda vår. Dette viser att i arbeidsmiljøet og jobben me gjer. Me har eit solid fagmiljø med høgt fokus på den enkelte medarbeidar si utvikling, samstundes som kompetanse- og erfaringsdeling er ein stor del av vår kultur. Hos oss er takhøgda god og tonen folkeleg. Du kan søke via Finn.no eller sende søknad med cv direkte til post@responsa.no. Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Kjell Petter Neset tlf 91336587.
Sektor
Privat
Nettsted