IT Manager
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
IT Manager
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
IT-avdelinga i Ulstein Verft spelar ei sentral rolle i denne utviklinga gjennom å sørge for ein effektiv og sikker samhandlingsplattform, å gjere ny teknologi tilgjengeleg for brukarane våre, gjennom fagleg utvikling og evne til å utfordre eksisterande måtar å arbeide på
No søker vi etter ein erfaren IT-leiar som vil vere med oss vidare på denne reisa og som kan ta ansvar for våre aktivitetar og medarbeidarar knytt til IT-drift, -kommunikasjon og -sikkerheit.
Vi ønsker å kome i kontakt med deg som har høgare utdanning innan IT og stor interesse for teknologi. Du er gjerne prosessorientert og brenn for kontinuerleg forbetring og å finne dei gode løysingane. Kjenner du deg igjen i dette og samtidig erkjenner at å skape endring betyr å gå vegen saman med andre – då bør vi ta ein prat.
Arbeidsoppgåver
Planlegge, koordinere og leie det operative arbeidet i IT-avdelingaAnsvar for konsernet sin infrastruktur, kommunikasjonsplattform og IT-sikkerheit
Ansvar for å vedlikehalde og utvikle Ulstein sin IT-strategi, -arkitektur og -prosessar
Sørge for at avdelinga har rett kompetanse og kapasitet i møte med behova i Ulstein
Operativt ansvar for sentrale forretnings- og samhandlingsapplikasjonar
Kontaktpunkt mot samarbeidspartnarar og leverandørar relatert til IT
Lisensadministrasjon, intern support og brukarstøtte relatert til HW/SW
Leie ulike IT-prosjekt
Vere rådgjevar og sparringspartnar for selskapa våre
Kvalifikasjonar
Høgare utdanning innan IT eller tilsvarandeLeiarerfaring frå relevant IT-miljø
Gode engelsk- og norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Erfaring med sourcing av IT-tenester er ønskeleg
Erfaring frå både personalleiing og prosjektleiing
Personlege eigenskapar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevnerSjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
Gode evner til planlegging og dokumentering
Resultatorientert og initiativrik
Serviceminded og fokus på brukaroppleving og kvalitet
Positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet
Vi tilbyr
Interessante, utfordrande og utviklande oppgåver i eit internasjonalt konsernEi sentral og utadretta rolle i IT-avdelinga
Eit fagmiljø som vektlegg personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
Konkurransedyktige lønsvilkår
Fleksitidsordning
God pensjons- og forsikringsordning
Kontaktinformasjon
Johannes Volle, Group Finance Manager, +47 472 82 135, johannes.volle@ulstein.comArbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4669375306
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.06.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjent leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og vår visjon er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre.
Menneska i ULSTEIN er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdomar, erfaring og bakgrunn skapar eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft utviklar og byggjer avanserte spesialfartøy mellom anna innan offshore olje og gass, havvind, RoPax og cruise, og har lang erfaring innan engineering, nybygg, installasjon, kommisjonering og oppgradering. Selskapet er ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2350759
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b99197cddabc43769013b5bb63318058