Jobbspesialist AMS
Nav Ytre Søre Sunnmøre
Kjøpmannsgata 16, 6060 Hareid
Om jobben
- Oppstart
- 29. august 2026
- Stillingstittel
- Jobbspesialist AMS
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest torsdag 11. juni
Vil du vere med og gjere ein forskjell som jobbspesialist?
Vi ser etter deg som har erfaring som jobbspesialist i Arbeid med støtte, og som brenn for å hjelpe menneske ut i arbeid. No har du sjansen til å bli ein del av vårt fagmiljø gjennom eit spennande vikariat i perioden 29. august til 31. desember 2026.
Nav Ytre Søre Sunnmøre dekkjer kommunane Hareid, Vanylven, Herøy, Ulstein og Sande. Vi er eit fagleg sterkt team med fem jobbspesialistar og ein metodevegleiar, og vi jobbar etter metodikken Supported Employment.
Vårt mål er klart: fleire skal få og behalde ein jobb som passar dei. Vi jobbar tett med menneske som, av ulike årsaker, treng ekstra støtte for å kome i arbeid eller fullføre fag- og ykresopplæring.
Som jobbspesialist vil du gje regelmessig og individuell støtte både før, under og etter oppstart i arbeid. Du vil samarbeide tett med arbeidsgjevera og tilbringe mykje tid ute hjå bedrifter for å skape og vedlikehalde gode relasjonar og arbeidsmoglegheiter.
Vi motiverast av å jobbe med menneskjer og setter jobbsøkjars ønskjer i sentrum. Vi ser etter deg som er ein lagspelar, samstundes som du er likar å ha tydelege mål å strekke deg etter og oppteken av fagleg utvikling. Vi ynskjar deg som likar å følgje metodikk og trivast godt med å jobbe ute i feltet.
Stillinga er knytt til Nav Ytre Søre Sunnmøre, med kontor i Herøy og Hareid. Arbeidskvardagen din vil i stor grad vere ute hos arbeidsgivarar og i lokalmiljøet.
Arbeidsoppgaver
- Tett oppfølging av 16- 20 jobbsøkarar, med krav om 65 % overgang til arbeid
- Kartleggje ressursar og moglegheiter- og matche rett person med rett jobb eller utdanning
- Vere aktiv ute i næringslivet: bygge nettverk, skape dialog og finne nye moglegheiter
- Samarbeide med aktuelle aktørar innan utdanning for å følgje opp jobbsøkjarane som ynskjer fag- og yrkesopplæring
- Rettleie og motivere jobbsøkarar gjennom heile vegen til varig jobb
- Jobbe mot målkrav som mellom anna arbeidsgjevarkontakt og utetid
- Skape og oppretthalde gode relasjonar med rettleiarane i Nav, arbeidsgjevar og andre samarbeidspartnera for å finne heilskaplege løysingar for den enkelte
- Støtte og vegleie jobbsøkjara i å ta eigne informerte val som gjeld arbeidsliv/studie
- Ta ansvar for framdrift av eiga portefølje
- Stillinga krev at du følger SE-metodikken, samt jobbar aktivt for å skape moglegheiter og gode løysningar i samarbeid med både jobbsøkjar og arbeidsgjevar
- I denne jobben er tett samarbeid med arbeidsgivarane like viktig som med jobbsøkjarane
Kvalifikasjoner
Du må ha:- 3-årig høgare utdanning frå universitet eller høgskule innan relevant fagfelt og/eller fagbrev innan helsefagarbeidar med relevant arbeidserfaring. Relevant erfaring kan kompensere frå kravet om fagbrev og høgare utdanning
- På grunn av vikariatets varigheit, må du ha erfaring som jobbspesialist i Arbeid med støtte
- Erfaring frå arbeid med menneskjer i ulike livssituasjonar
- Erfaring med vegleiing og opplæring
- God kjennskap til den lokale arbeidsmarknaden
- God skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdighetier på norsk (minimum B2)
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid
- Førarkort kl. B
Det er ein fordel om du òg har:
- Kjennskap til fag- og yrkesopplæring
- Yrkesfaglig arbeidserfaring, innan helse- og omsorg
- Erfaring med arbeidsinkludering
- God digital kompetanse
Personlige egenskaper
- Trua på at alle menneskjer til tross for fysiske og psykiske helseutfordringar, eller andre utfordringar, kan få og behalde ein ordinær jobb
- Du blir motivert av å jobbe målretta og levere på resultat og krav
- Du har variert og relevant arbeidserfaring som gir deg tryggleik i rolla
- Du har god rolleforståelse
- Du arbeider strukturert, målretta og metodisk, og har god evne til å prioritere oppgåver
- Du har gode refleksjonsevner, fleksibel, sjølvstendig og resultatorientert
- Du er dyktig til å byggje relasjonar og skape motivasjon hos andre
- Du er proaktiv og trivast med oppsøkjande verksemd og å ha arbeidsdagane ute i arbeidsmarknaden
- Du er ein lagspelar som er bevisst på å dele av eigne erfaringer og kompetanse med kollegaer
- Du har motivasjon for arbeidsoppgåver i stillinga
- Trivast med å vere ute på farta og oppsøkjande verksemd
Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Vi tilbyr
- Hjå Nav Ytre Søre Sunnmøre får du ta del i eit aktivt og engasjert fagmiljø
- Utfordrande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- Stort handlingsrom og ansvar for å forme eigen arbeidskvardag
- Gode utviklingsmoglegheiter- både fagleg og personleg
- Spanande møter med jobbsøkjarar og arbeidsgivarar i regionen
- Kurs i Supported Employment
- Fagdagar og fagsamlingar- både lokalt og på fylkesnivå
- Du vil tilhøyre eit team med engasjerte jobbspesialistar og tett fagleg oppfølging fra metodevegleiar. I vårt team og kontor er det stort fokus på lagånd og fagleg utvikling
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå lønnen vert det trekt 2 %)
- Fleksibel arbeidstid innanfor våre retningslinjer
- Tilsetting i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønnsspenn fra kr. 622000 - 643000 kr per år
Kontaktinformasjon
Hege Sørheim Egge, Metodevegleiar, 413 11 876Hilde Knotten Dyrhol, Avdelingsleder, 908 24 537
Arbeidssted
Kjøpmannsgata 166060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5136635221
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 29.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 11.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Knotten Dyrhol
Avdelingsleder
908 24 537
Hege Sørheim Egge
Metodevegleiar
413 11 876
Om bedriften
Nav søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i Nav. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskrift dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bc62fb55-43c0-425f-8835-bf86ab536f85
- Sist endret
28. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8756e360ceed41a98f4317afa5e5c879