Helsefagarbeidarar
Heimetenesta Nordfjordeid, Stad kommune
Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeidarar i Heimetenesta avd. Nordfjordeid
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
Stad kommune har ledig fire 100 % faste stillingar som helsefagarbeidar med tenestestad Nordfjordeid.
Stillingane inkluderer 20 % frie timar og det vert nytta årsarbeidsplan som gir god fleksibilitet i planlegging av arbeidstid. Stillinga har i hovudsak tredelt turnus og arbeid tilsvarande kvar 3. helg. Det er høve til inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsplanen mot ekstra kompensasjon.
Ved arbeid i avdelinga vil turnusen din bestå av arbeid både i ambulerande heimeteneste og sjukepleiarfaglege tenester til bebuarar i bufellesskap. Stillinga er i hovudsak 100 % men ønske om anna stillingsprosent kan vurderast. Du vil kunne få moglegheit til å velge langvaktsturnus, turnus med ordinære vakter eller ein kombinasjon av dette. Langvakter gir betre kontinuitet for tenestemottakarane, reduserer stress i kvardagen, og gir dei tilsette komprimert arbeidstid på helg og lengre friperiodar til å hente seg inn.
Heimetenesta er ei av dei største einingane i Stad kommune og gir helsetenester til heimebuande i heile kommunen. Her får du oppgåver som spenner frå avansert medisinsk oppfølging, til tett samarbeid og oppfølging i livets siste dagar. Du får brukt heile sjukepleiefaget – og meir til – i ein variert kvardag hjå oss der ingen dagar er like. Sjukepleiarar i heimetenesta har ansvarsfulle faglege oppgåver, du vil kunne utvikle deg og få påverke. Vi søkjer deg som er innovativ, motivert for endring, interessert i velferdsteknologi , jobbar for kontinuerleg forbetring, og som kan bidra med nye idear og perspektiv i tenesteutviklinga.
Kvifor velje oss?
Du får oppleve kor verdifullt det er å arbeide med heimebasert omsorg. Du får reise på heimebesøk der du møter menneske i sitt eige miljø samstundes som du får nytte kompetansen din til å bistå tenestemottakarar i bufelleskap. Du får vere sjølvstendig samtidig som du har tett samarbeid med kollegaer og fellesskap rundt faglege diskusjonar. Hos oss får du brukt din kompetanse der den trengst mest. Du blir del av eit sterkt fagmiljø der kunnskap, erfaring og idear verdsetjast. Du får utfordringar som gir deg høve til å bruke både akuttkompetanse, kliniske ferdigheiter, observasjonskompetanse og omsorgsevne.
Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag.
Arbeidsoppgåver
- Utføre pasientretta pleieoppgåver i tråd med gjeldande kvalitetskrav
- Oppfølging og dokumentasjon av tenesteytinga i pasientjournal etter gjeldande krav til kvalitet, lovverk og kommunale retningslinje
- Tverrfagleg samarbeid
- Praktisk bistand
- Samarbeid med pårørande
- Rettleie lærlingar, medarbeidarar og andre
Det blir lagt til rette for god opplæring ved oppstart.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter offentleg godkjend helsefagarbeidar eller hjelpepleiar, men ufaglærte med relevant erfaring kan gjerne søkje med forbehold om å gjennomføre fagbrev
- Gode språkkunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Aktuelle kandidatar må ha førarkort kl B.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsevner
- Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
- Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
- Tek initiativ og ansvar
- Kan arbeide sjølvstendig og godt i team
- Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Høve til fagleg utvikling
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Flyttegodtgjersle
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. Politiattest skal leggjast fram før start i stillinga.
Stad kommune har 6 månader prøvetid.
Kontaktinformasjon
Marthe Stave, Avdelingsleiar heimetenesta , 95999604, marthe.stave@stad.kommune.noAnne Dybedal Berteig, Avdelingsleiar heimetenesta, 989 00 561, anne.dybedal.berteig@stad.kommune.no
Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72, annette.hovden@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhusvegen 116770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5095323789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!
https://www.nordfjord.no/stad
https://www.einstadistad.no/
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bc60308a-a243-4219-b157-2a83262d4a0f
- Sist endret
25. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e7b6edc9bc114ce3903b32961edf23fb