Designar
Brønnøysundregistrene
Havnegata, 8910 Brønnøysund
Om jobben
Stillingstittel
Designar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Om stillinga
Brønnøysundregistera satsar på gode brukaropplevingar, både på nettsidene og i dei digitale tenestene våre. Denne satsinga ønsker vi å ha deg med på.
Vi har behov for ein designar med kompetanse innan eit eller fleire av områda UX, interaksjonsdesign og visuell design.
Du blir del av eit team som skapar nyttige digitale tenester og får ei viktig rolle i å sikre brukarperspektiv og involvering undervegs. Målet vårt er å få fleire sjølvhjelpne brukarar og bidra i å utvikle Brønnøysundregistera som ein viktig aktør og pådrivar for forenkling og digitalisering i det offentlege Noreg. Du vil vere ein del av ei faggruppe for brukaropplevingar på tvers av organisasjonen og Brønnøysundregistera sine løysingar . Du vil også bidra i arbeidet med eit eller fleire av satsingsområda våre.
Arbeidsoppgåver
- sikre gode metodar og konseptutvikling for brukarinvolvering både i forvaltning og prosjekt
- bidra i å utvikle nettsidene våre slik at dei møter brukarane sine behov
- planlegge og gjennomføre brukarinvolvering slik som intervju og brukartesting
- planlegge, gjennomføre og analysere innsiktsarbeid
- delta i prosjekt og andre utviklingsteam
- forvalte den visuelle profilen og identiteten vår, og avtalar knytt til dette
- lage presentasjonar og illustrasjonar for digitale og trykte flater
- forvalte og bidra i arbeidet med designsystem
- bidra i kompetanse- og kunnskapsdeling i organisasjonen og på tvers av offentlege etatar
Kvalifikasjonar
- 3-5 års utdanning frå universitet eller høgskole innan områda UX, interaksjon, tenestedesign, visuell- eller grafisk design eller andre nærliggande område. Relevant erfaring kan kompensere for noko av utdanningskravet.
- erfaring og kunnskap om korleis brukarar/sluttbrukarar forstår og interagerer med webapplikasjonar, verktøy, system og grensesnitt
Fint om du også
- har erfaring frå praktisk arbeid med innsiktsarbeid, brukaropplevingar og UX-design
- har kunnskap og erfaring om designprosessar og metodikk for brukarvennlegheit
- har erfaring og evne til å bygge konsept og skissere forslag til digitale løysingar
- kan fungere som eit bindeledd mellom teknologar, fagressursar og brukarar på ulike nivå
- har kunnskap og erfaring med retningslinjer for universell utforming
- har erfaring med planlegging og gjennomføring av brukartestar
- har kjennskap til kvalitative og kvantitative metodar
- har grunnleggande kunnskap om front-end kode, slik som html5, CSS og gjerne JavaScript også
- kommuniserer klart og tydeleg på norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- du har gode samarbeidsevner, er kreativ og brukarorientert
- du har evne til å sette deg inn i nye problemstillingar, er løysingsorientert, strukturert og analytisk
- du likar å jobbe saman med andre i eit hektisk miljø med varierte arbeidsoppgåver
- du kan jobbe sjølvstendig og bidra med nytenking og innspel innanfor fagområdet
- du må kunne jobbe i team og ko mmunisere gode både med eksterne og interne fagressursar
Vi tilbyr
- eit godt arbeidsmiljø med uformell tone og stor vilje til å skape noko saman
- interessante og utfordrande oppgåver innan digitalisering og forenkling av Noreg
- gode moglegheiter for kompetanseheving og fagleg utvikling
- fleksibel arbeidstid med god balanse mellom arbeidsliv og privatliv
- godt og rimeleg kantinetilbod, godt utstyrt trimrom, bedriftsidrettslag og ulike velferdsarrangement
- medlemskap i Statens pensjonskasse som er ei av landet sine beste pensjonsordningar, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar
- hjelp til å skaffe bustad
Stillinga er løna som rådgevar med ei årsløn frå kr 468 300 - 626 100, eller som seniorrådgevar med årsløn fra kr 543 500 - 873 400 avhengig av kvalifikasjonane dine. Prøvetida er seks månader.
Inkludering og mangfold
Inkludering og mangfald er ein styrke og vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkaren oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen.
Vi oppmodar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Kryssa i jobbsøkarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Generelt
Brønnøysund er ein hyggeleg kystby med korte avstandar til jobb, fritids- og servicetilbod. Vi har full barnehagedekning og eit godt oppvekstmiljø i trygge omgivnader.
For deg som liker friluftsliv er det mange moglegheiter for fine naturopplevingar til lands, fjells og i skjergarden. Vi har også eit rikt kulturliv, fleire treningssenter og idrettslag.
Dersom du ønsker å reservere deg frå oppfølging på offentleg søkarliste, må du grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, men du vil bli varsla dersom ønske om reservasjon ikkje blir tatt til følgje.
Du må legge ved CV og vitnemål/attestar til søknaden for å bli vurdert som søkar. Har du utdanning frå utlandet, anbefaler vi ei autorisert omsetting av vitnemål og godkjenning frå NOKUT.
Ta gjerne kontakt
Dersom du har spørsmål om stillingane kan du ta kontakt med Elin Kristine Olsen, underdirektør for seksjon Registerutvikling, 95 72 64 19 eller Roy Halvor Frimanslund, Fagansvarlig for brukskvalitet, 99 42 71 45.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på tlf.: 75 54 22 20 eller e-post: kundeservice@jobbnorge.no
Om bedriften
Om Brønnøysundregistera
Brønnøysundregistera utviklar og driv digitale tenester som gjer dialogen med det offentlege enklare for personar og verksemder. Vi driv mange av dei viktigaste registera i landet og har 430 medarbeidarar.
Dei fleste jobbar i Brønnøysund. Vi har også kontor i Narvik og Oslo.
Sektor
Offentlig
Nettsted