Beredskaps- og logistikkmedarbeidar
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap
5224 Nesttun
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 17. november
Sivilforsvaret søkjer etter ein logistikk- og beredskapsmedarbeidar til Hordaland sivilforsvarsdistrikt. Vi ser etter deg som har interesse for samfunnstryggleik og beredskap, og som ønskjer å bidra til at distriktet og dei tenestepliktige er godt rusta til å yte og gjere ein skilnad når det oppstår uønskte hendingar. Arbeidsoppgåvene dine vil primært vere å forvalte logistikken i distriktet – både innanfor saksbehandling og administrasjon, beredskapsmateriell og personleg utrusting av personell – og å delta i opplæringa av tenestepliktige mannskap. Stillinga inneber i tillegg forvalting av ansvaret som sivilforsvaret har for tilfluktsrom og varslingsanlegg.
Du er ein strukturert lagspelar som vil inngå i eit team som har ansvar for å følgje opp heile logistikkporteføljen i Hordaland sivilforsvarsdistrikt.
Du skal
Kvalifikasjonar
Du må ha:
Vi ønskjer at du har:
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (kode 0331) med årsløn frå kr 565 900 til 604 900 (lønstrinn 58–62). I tillegg kjem kompensasjon for vakt og øving.
For å kunne bidra i oppgåvene til sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta på øvingar og innsatsar.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og blir leidd av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskapar som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, kvart av dei under leiing av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige.
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekke sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at god beredskap blir halden oppe i heile landet og bistår som forsterkningsressurs når nødetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskapar og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar på DSB sine vegne, og tar fra 2024 over ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon og materiell.
Om distriktet:Hordaland sivilforsvarsdistrikt ligg i Bergen og dekkjer 24 kommunar. Distriktet har ca. 620 tenestepliktige i operative innsatseiningar fordelt på åtte oppsettingsstader. Distriktet har per i dag ni fast tilsette og er delt inn i tre team: logistikk, operasjon og personell. Distriktet har eit breitt samarbeid ikkje berre med naudetatane (politi, brannvesen, helsevesen), men også med Forsvaret, kommunane i fylket, statsforvaltaren, frivillige organisasjonar og andre verksemder.
Om stillinga:
I stillinga som logistikk- og beredskapsmedarbeidar vil du inngå i eit team på tre personar. Stillinga inneber ansvar for og forvalting av logistikken i distriktet, både innanfor beredskapsmateriell og personleg utrusting av personell. Arbeidet består til ei stor grad av kontorarbeid, saksbehandling og administrativt arbeid, men det inngår også praktisk arbeid og øvingsverksemd. Stillinga krev til tider kveldsarbeid og reiseverksemd, både regionalt og nasjonalt. Du vil ha gode høve til å påverke eigen arbeidssituasjon, og vil inngå i staben og beredskapsvaktordninga i distriktet.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
Hos oss får du
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
distriktssjef Johnny Aslaksen : e-post johnny.aslaksen@dsb.no, telefon 55 10 93 01
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!

- inngå i logistikkteamet som er ansvarleg for oppfølginga av heile logistikkporteføljen
- ha hovudansvar for den personlege utrustinga av tenestepliktige og tilsette
- ha ansvar for forvalting og saksbehandling knytt til tilfluktsrom
- bidra til å halde ved like varslingsanlegga
- bidra i opplæring og kompetanseheving for styrkane, primært innanfor logistikk, men også i andre felles operative fag
- bidra til samvirke mellom beredskapsaktørane i Hordaland sivilforsvarsdistrikt
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- relevant fagbrev, teknisk fagskule eller høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for kravet om formell utdanning. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse
- relevant arbeidserfaring innanfor logistikk og saksbehandling/administrasjon
- førarkort klasse B
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- gode digitale ferdigheiter
- følgjande personlege eigenskapar:
- strukturert og systematisk
- lagspelar
- løysingsorientert
- ansvarsmedviten
- gjennomføringsevne
Vi ønskjer at du har:
- beredskapserfaring
- teknisk innsikt
- gode pedagogiske evner
- eitt eller fleire av følgjande sertifikat: BE, C1, C1E, D1, D1E, C, CE
- truckførarbevis (T1–T4)
Vilkår
Fast stilling som sivilforsvarsadjutant (kode 0331) med årsløn frå kr 565 900 til 604 900 (lønstrinn 58–62). I tillegg kjem kompensasjon for vakt og øving.
For å kunne bidra i oppgåvene til sivilforsvaret er det viktig at du er fysisk og psykisk skikka til å jobbe i ein beredskapsorganisasjon, og kan delta på øvingar og innsatsar.
Tryggleiksklarering
Den som får tilbod om stillinga, må vere klarert til nivå HEMMELEG før tiltreding.
Om Sivilforsvaret, distriktet og stillinga
Sivilforsvaret er ein uniformert etat underlagt Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og blir leidd av Sjef Sivilforsvaret. Sivilforsvaret består i fredstid av 8000 tenestepliktige mannskapar som er fordelt på 20 sivilforsvarsdistrikt, kvart av dei under leiing av ein distriktssjef. Sentralt nivå er organisert gjennom Sivilforsvarsavdelinga som består av to seksjonar og eit økonomi- og styringssekretariat. I tillegg er det ein krigsreserve med ytterlegare tenestepliktige.
Sivilforsvarets hovudoppdrag er å verne befolkninga i krise og krig. Sivilforsvaret har myndigheitsansvar for ei rekke sivile vernetiltak. I fredstid skal Sivilforsvaret sørgje for at god beredskap blir halden oppe i heile landet og bistår som forsterkningsressurs når nødetatane og andre myndigheiter treng ekstra ressursar. Sivilforsvaret er organisert med lokale, regionale og nasjonale innsatsstyrkar beståande av tenestepliktige mannskapar og befal. Eit eige kompetansesenter har ansvaret for utdanning og opplæring. Det er totalt ca. 220 tilsette i Sivilforsvaret, fordelt på distrikta og Sivilforsvarsavdelinga. Den viktigaste ressursen er dei tenestepliktige som blir kalla ut til innsats i ulike oppdrag frå nord til sør. Sivilforsvaret bidreg også internasjonalt med ulike kapasitetar på DSB sine vegne, og tar fra 2024 over ansvaret for logistikkverksemd ved donasjon og materiell.
Om distriktet:Hordaland sivilforsvarsdistrikt ligg i Bergen og dekkjer 24 kommunar. Distriktet har ca. 620 tenestepliktige i operative innsatseiningar fordelt på åtte oppsettingsstader. Distriktet har per i dag ni fast tilsette og er delt inn i tre team: logistikk, operasjon og personell. Distriktet har eit breitt samarbeid ikkje berre med naudetatane (politi, brannvesen, helsevesen), men også med Forsvaret, kommunane i fylket, statsforvaltaren, frivillige organisasjonar og andre verksemder.
Om stillinga:
I stillinga som logistikk- og beredskapsmedarbeidar vil du inngå i eit team på tre personar. Stillinga inneber ansvar for og forvalting av logistikken i distriktet, både innanfor beredskapsmateriell og personleg utrusting av personell. Arbeidet består til ei stor grad av kontorarbeid, saksbehandling og administrativt arbeid, men det inngår også praktisk arbeid og øvingsverksemd. Stillinga krev til tider kveldsarbeid og reiseverksemd, både regionalt og nasjonalt. Du vil ha gode høve til å påverke eigen arbeidssituasjon, og vil inngå i staben og beredskapsvaktordninga i distriktet.
Om DSB
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i samfunnet. Vi er pådrivar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 700 tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og håpar derfor at også kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn, hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss. DSB er ein stabil arbeidsgjevar med gode velferdsprdningar. For å arbeida i DSB må du vera tryggleiksmessig skikka og medverke til ein god kultur for tryggleik.
Hos oss får du
- medlemskap i Statens pensjonskasse (SPK). Som medlem får du verdifulle fordelar gjennom særs gode pensjons-, forsikrings- og boliglånordningar. Les meir om medlemsfordelane på www.spk.no/Medlemskap-i-SPK/
- fleksibel arbeidstid
- bedriftshelseteneste
- høve til å trene i arbeidstida
- tilrettelagt for mobilt kontor når det er føremålstenleg
I Arbeidsgivarportalen kan du lese meir om goda ved å jobbe i staten: https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise
Offentleg søkjarliste
Det vil bli utarbeidd offentleg søkjarliste ved søknadsfristens utløp, jf. Offentleglova §25. Du har høve til å be om unntak frå offentleg innsyn. Dersom du ikkje får innvilga dette, vil du bli varsla om det før søkjarlistene blir utarbeidde. Sjølv om du har fått innvilga unntak frå offentlegheit, vil du framkomme på ei utvida søkjarliste. Denne er berre tilgjengeleg på førespurnad frå andre søkjarar til stillinga.
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Det er viktig at du registrerer all relevant utdanning og erfaring i profilen du lagar i rekrutteringssystemet. Dette sikrar at vi har opplysningane vi treng. I tillegg er det naudsynt at du lastar opp både søknadsbrevet og CV-en som vedlegg i PDF-format. DSB vil vurdere å gjennomføre bakgrunnssjekk. Interne søkjarar må sende inn søknaden i DFØ HR.
Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål! Kontaktperson er
distriktssjef Johnny Aslaksen : e-post johnny.aslaksen@dsb.no, telefon 55 10 93 01
Du finn meir informasjon om DSB på www.dsb.no og ein oppdatert oversikt over utlyste stillingar finn du alltid på www.dsb.no/jobb. Velkomen som søkjar hos oss!
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig