Campingplassmedarbeider
STRYNSVATN CAMPING OG FERIEHYTTER
Stryn
Om jobben
Stillingstittel
Campingplassmedarbeider
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Sesong, deltid
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Send søknad til
Vi søkjer sommarhjelp i perioden juni til september, med ei stillingsprosent på 80-100%. Det kan også vere moglegheiter for tilkallingsvikararbeid i vinterhalvåret, då vi har nokre gjester på denne tida også.
Arbeidsoppgåvene vil omfatte reinhald, stell av uteområde og tilbereding av enkle matrettar.
Vi ser etter deg som har erfaring med desse arbeidsoppgåvene og som beherskar norsk eller engelsk.
Har du spørsmål om stillinga, kan du kontakte John Roger Meland.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Strynsvatn Camping ligg nydeleg til med flott utsikt over Strynsvatnet. Her finn du den perfekte basen for å utforske området. I nærleiken finn du Stryn sentrum med gode shopping-moglegheiter, hyggelege pubar, smakfulle restaurantar, kino, sømjehall og mykje meir. Populære attraksjonar som Briksdalsbreen, Kjenndalsbreen, Nasjonalparksenteret, Gondolbanen til Hoven i Loen, Via Ferrata i Loen, Stryn Sommerski, Hydlaparken, Geiranger og Vestkapp er berre nokre av opplevingane du bør få med deg. Stryn er òg eit paradis for fjellvandrarar med mange merka turstiar til fjelltoppar som Skåla, Storskredfjellet og Kyrkjenibba.
Vi held opent heile året, og resepsjonsbygningen med butikk og kafé er ope i sommarhalvåret. Vi er her for å hjelpe deg med inn og utsjekk eller for tips til attraksjonar eller utflukter som passar for deg og ditt reisefølge. Her er også eit gatekjøkken som held ope i høgsesongen som servere kebab, hamburger med fries og pølse i brød.
Strynsvatn Camping er ein familiedreven campingplass med lang tradisjon innan standard, service, kvalitet og gjestfridom – kort sagt "alt" som, saman med den spektakulære vestlandsnaturen, kan gi deg ei ferieoppleving du vill minnast. Vi ønskjer deg hjarteleg velkommen hit!
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2881205
- Hentet fra
DIR
- Referanse
bc02a3bd-0895-41a4-a11f-8015fc3f773e