Prosjektleiar
Ulstein Verft AS
Osnesvegen 110, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Ulstein Verft er inne i ei spanande fase med fleire signerte kontrakter på både nybygg og ettermarkedsoppdrag. Vi gler oss over ein langsiktig og stabil horisont med mykje aktivitet, og treng difor å styrke prosjektleiarteamtet vårt.
Vi er på jakt etter deg med interesse for maritim industri og skipsbygging. Du vil få ei spanande og utfordrande rollle der ein skal etterstrebe optimal samhandling i grensesnitt mellom salg, design, innkjøp, teknisk, prosjekt- og linjeorganisasjon.
Personleg utvikling er viktig for trivesel, så om du ikkje har alle kvalifikasjonane vi er ute etter, vert du likevel oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver
Prosjektleiar har ansvar for prosjektgjennomføing av komplekse skipsbyggingsprosjekt til avtalt kvalitet, tid og kostnad.
Oppgåver du vil jobbe med er blandt anna
- Fokus på strategisk planlegging og gjennomføring ihht plan
- Kontraktsadministrasjon og oppfølging
- Oppfølging og analyse av planstatus samt prosjektrapportering
- Kontakt mot kunde, designar, leverandørar, klasseselskap og myndigheiter
- Forhandlingar
Kunnskap og erfaring som gjer jobben lettare
Vi ønskjer kome i kontakt med deg som har relevant utdanning innan tekniske fag eller økonomi, har innsikt i skipsbygging og med god produksjons- og teknisk forståing. Det er også ein fordel med relevant erfaring innan gjennomføring av komplekse skipsbyggingsprosjekt eller tilsvarande. Du har gode spåkkunnskapar både munnleg og skriftleg i norsk og engelsk og har god IT kompetanse samt system- og prosessforståing.
Som prosjektleiar vil du vere ein tverrfagleg teambyggar og bidragsytar til eit godt miljø.
Kvifor velje Ulstein som arbeidsplass
Ulstein Verft byr på variert jobb, gode kollega og moglegheit for personleg utvikling. Ulstein er ein trygg arbeidsplass med gode HMS verdiar, gode forsikrings- og pensjonsordningar samt fleksitidsavtale for våre tilsette
Det er ei god kjensle å vere ein del av eit over 100 år gamalt selskap forbunden med kvalitet, påliteligheit og leveringspresisjon
I hjartet av Sunnmøre
Om du treng å flytte for å jobbe i Ulstein, så er Ulsteinvik og kommunene rundt ein flott plass å bu i hjartet av Sunnmøre. Det er kort veg til kino, konsertar, badeland, klivrehall, restaurantar og butikkar. Omkransa av fjell og turterreng til fots, på sykkel eller ski. Og berre ein liten times reise til bylivet i Ålesund eller naturopplevingar i SunnmørsalpaneKontaktinformasjon
Lidvar Lillerovde, Manager Projects Newbuild, 48229481, lidvar.lillerovde@ulstein.comAnn Kristin Hatløy Fiskaa, HR Advisor, 95022468, akf@ulstein.com
Arbeidsstad
Osnesvegen 1106065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ulstein Verft ASReferansenr.: 4735025316
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2023
Om bedriften
ULSTEIN er ein internasjonalt anerkjend leverandør av skipsdesign, skipsbygging og systemløysingar for skip. I meir enn 100 år har vi utvikla framtidsretta produkt og tenester for det maritime miljøet, og visjonen vår er å skape morgondagens løysingar for berekraftige marine operasjonar. ULSTEIN har aktivitet i fleire land, med hovudkontor i Ulsteinvik på Sunnmøre. Konsernet har 360 tilsette. Ulstein er ei lærlingbedrift og ei av hjørnesteinsbedriftene i kommunen.
Menneska i Ulstein er den viktigaste ressursen. Mangfald av ferdigheiter, personlegdommar, erfaring og bakgrunn skaper eit globalt team som kombinerer innovasjon, kvalitet og ekspertise.
Ulstein Verft bygger og leverer spesialfartøy i hovudsak innan offshoreenergi. Typiske prosjekt er bygging av avanserte skip med stor andel utrusting, som stiller høge krav til prosjektleiing, teknisk kunnskapsnivå og integrasjonskompetanse. Vår ekspertise innan engineering, installasjon og kommisjonering kjem til sin rett innan ettermarknadstenestene våre der vi leverer alle typar ombyggingar, reparasjonar og tørrdokkingar. Saman med Ulstein Elektro Installasjon er selskapet ein del av forretningsområdet Shipbuilding i ULSTEIN, og held ein høg standard innan kvalitet, gjennomføring og leveringspresisjon.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2499831
- Hentet fra
talentech
- Referanse
75d6aaf15ff547ec8314440af55131cb