Hopp til innhold

Prosjektleiar (vikariat 50-70 %)

Arbeidsgiver

ViteMeir - Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS

Sted

6854 Kaupanger

Om jobben

Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 12. april

Vil du vere med og utvikle nye opplevingar for born, unge og vaksne? ViteMeir søkjer ein prosjektleiar i vikariat frå august 2026 til august 2027.

Som prosjektleiar hos oss arbeider du med utvikling og gjennomføring av prosjekt som styrkjer tilbodet vårt. Du samarbeider tett med kollegaer og eksterne partnarar, og bidreg til at idear blir til konkrete opplevingar for publikum.

Arbeidsoppgåver
  • leie interne prosjekt og prosjekt i samarbeid med andre aktørar

  • bidra i utvikling av utstillingar, både større og mindre prosjekt

  • leie og følgje opp HMT-prosjekt

  • arbeide med klimarapportering

  • bidra i løpande oppgåver ved senteret, både administrative og praktiske

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift i prosjekt. Du trivst med samarbeid og bidreg gjerne der det trengst.

Det er ein fordel om du har erfaring med prosjektarbeid eller utviklingsarbeid, men personlege eigenskapar og motivasjon blir òg lagt vekt på.

Me tilbyr
  • vikariat i 50--70 % stilling i perioden august 2026 til august 2027

  • lønn etter avtale

  • gode pensjonsvilkår

  • fleksibel arbeidstid

  • ein variert og spennande arbeidskvardag i eit engasjert fagmiljø

Arbeidsstad er ViteMeir på Kaupanger.

Søknadsfrist: 12. april

Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med oss.

Send søknad og CV til jobb@vitemeir.no.

Om bedriften

ViteMeir -- Vitensenteret i Sogn og Fjordane as -- er eitt av 13 regionale vitensenter i landet. Senteret ligg på Kaupanger i Sogndal kommune og opna i 2021. ViteMeir skal gje eit inspirerande og lærerikt tilbod til barnehagar og skular innan realfag, vere eit teknologisk opplevingssenter for familiar og fritidsgjestar, og ein unik møte- og utviklingsarena for næringslivet.

Som prosjektleiar får du moglegheit til å bidra inn i ein spennande arbeidsplass i eit kreativt og kompetent team. Dei tilsette ved ViteMeir utgjer om lag 16 årsverk. Senteret skal vere ei drivkraft i regionen i tett samhandling med mellom anna barnehagar, skular og næringsliv.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bbc5ef0a-973f-44d3-a4b9-3a54782e2125

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

455627978

Lignende annonser

Laster lignende annonser