Overlege i nevrologi
Nevrologisk avdeling, Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Overlege i nevrologi
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 11. oktober
Vil du vere med og vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst?
Ved Nevrologisk avdeling, Helse Fonna HF, har vi ledig fast 100 % stilling som overlege i nevrologi. Hos oss får du arbeide breitt innan nevrologifaget, i eit engasjert og kompetent fagmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, forsking og subspesialisering.
Nevrologisk seksjon er ein del av Medisinsk klinikk ved Haugesund sjukehus. Seksjonen omfattar poliklinikk, nevrofysiologisk laboratorium og sengepost med både generell nevrologi og slagbehandling. Vi har for tida åtte overlegar og ni LIS-legar. I 2027 flyttar sengeposten inn i heilt nye og moderne lokale i toppetasjen av sjukehuset sitt nybygg.
Kva går jobben ut på?
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du kombinerer klinisk arbeid på sengepost og poliklinikk med fagutvikling, undervisning og samarbeid på tvers av fagområde. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa kompetanse og interesseområde, og vi legg til rette for vidare fagleg utvikling.
Du vil mellom anna
- arbeide breitt innan generell nevrologi, både i poliklinikk og sengepost
- bidra i diagnostikk og behandling av pasientar med akutte og kroniske nevrologiske sjukdomar
- delta i slagbehandling og oppfølging av pasientar med cerebrovaskulær sjukdom
- inngå i seksjonen si vaktordning
- rettleie LIS-legar og medverke i undervisning
- delta i fagutvikling, kvalitetsforbetring og forsking
- vere med på å vidareutvikle eit sterkt nevrologisk fagmiljø i vekst
- få moglegheit til arbeid innan klinisk nevrofysiologi dersom du har relevant kompetanse.
Kva kompetanse er viktig i denna rolla?
- Norsk autorisasjon og spesialistgodkjenning i nevrologi.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
- Interesse for fagutvikling, kvalitetsarbeid og undervisning.
- Erfaring frå nevrologisk poliklinikk, sengepost eller akuttmedisinsk arbeid er ein fordel.
Vi oppmodar også legar som er nær fullført spesialistutdanning til å søkje.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter ein overlege som
- er fagleg engasjert og utviklingsorientert
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- tek ansvar og arbeider sjølvstendig
- trivst i eit aktivt og tverrfagleg fagmiljø
- bidreg til eit positivt arbeidsmiljø og gode pasientforløp
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?
- Ei spennande overlegestilling i eit aktivt og utviklingsorientert fagmiljø.
- Brei klinisk erfaring innan generell nevrologi, slagbehandling og nevrofysiologi.
- Moglegheit for fagleg fordjuping og subspesialisering innan eigne interesseområde.
- Deltaking i forsking, kvalitetsarbeid og relevante kliniske studiar.
- Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit sterkt fagmiljø.,
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass ved behov.
- Gode moglegheiter for å kombinere ein spennande fagkarriere med ein attraktiv livsstil på Haugalandet.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Eirik Haavik, Avdelingsleiar, eirik.haavik@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5180453195
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bb84590b-ea19-4f6f-8a14-fde8d292ab2c
- Sist endret
18. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
248a9a5ae8254b8fb97b3f4eb50e36f3