Rådgjevar/spesialkonsulent - idrett og anlegg - Bergen
Kultur og folkehelse, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/spesialkonsulent - idrett og anlegg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. oktober
Vestland fylkeskommune si avdeling for kultur og folkehelse lyser ut ei heil fast stilling som skal bidra til å utvikle anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Visjonen er å tilrettelegge for ein fysisk aktiv kva dag for alle i Vestland.
Stillinga er knytt til seksjon fysisk aktivitet og inkludering og skal arbeide i fageining idrett og friluftsliv. Seksjonen har i tillegg ansvar for e-sport og gaming, folkehelse og integrering, og mange av oppgåvene vil løysast på tvers av ansvarsområda. Rådgjevaren bør ha god kjennskap til korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv, og ha evne til å planlegge, involvere og vidareutvikle fylkeskommunen sitt arbeid innan fagfeltet m.a. gjennom rådgjeving, planarbeid, kompetanseutvikling, forvaltning av regionale og statlege tilskotsordningar, og oppsøkande verksemd.
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i samfunnet, og oppmodar kvalifiserte kandidatar med ulik utdanning, arbeids- og livserfaring, etnisitet, religion, kjønn, alder, seksuell orientering og funksjonsevne, til å søke jobb hos oss. Vi er ei IA-verksemd, som betyr at både arbeidsgjevar og dei tilsette, pliktar seg til systematisk samarbeid for å oppnå eit meir inkluderande arbeidmiljø. Vestland fylkeskommune er og sertiftisert som likestilt arbeidslivhar administrasjon lokalisert i Bergen, Leikanger og Førde.
Denne stillinga vil ha tenestestad Bergen.
Arbeidsoppgåver
- strategisk utvikling av fylkeskommunen sitt arbeid med idrett og fysisk aktivitet
- bidra til å understøtte og samordne Vestland fylkeskommune sin politikk for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og anlegg.
- oppfølging av kommunale og fylkeskommunale planar
- utarbeide kunnskapsoversikt og drive informasjonsarbeid innan fagfeltet
- utvikling av kunnskapsgrunnlag og temaplan for fysisk aktivitet og anlegg
- vidareføre og styrke arbeidet med ei berekraftig anleggs- og aktivitetsutvikling i Vestland.
- forvalting av statlege og fylkeskommunale tilskotsordningar til regionale samarbeidspartnarar (kommunar, organisasjonar og institusjonar).
- ei hovudoppgåve er å behandle søknader om spelemidlar om anlegg for idrett og fysisk aktivitet frå idrettslag, foreiningar og kommunar
- oppfølging av søkjarar om tildelte midlar, utvikling av anleggsprosjekt og avslutning av rekneskap
- rettleiing av søkjarar og kommunar om spelemiddelordninga og anleggsutvikling
- prosjektleiing innan idrett, fysisk aktivitet, friluftsliv og anlegg
- planlegge og gjennomføre kurs og kompetanseheving innan feltet
- samarbeide med frivillige organisasjonar
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning på minimum bachelorgradnivå
- Kjennskap til fagområdet og erfaring med plan- og utviklingsarbeid
- Kunnskap og erfaring med offentleg forvaltning
- God økonomiforståing
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God forståing av digitale verktøy og generell ikt-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Du kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
- Du er systematisk, resultatorientert, utviklingsorientert, initiativrik og handlekraftig
- Du har gode evner til samarbeid og til å bygge nettverk
- Du har evne til å inspirere og presentere fagområdet i ulike samanhengar
- Du har evne til både sjølvstendig arbeid og arbeide i team
- Du har stor arbeidskapasitet
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- gode moglegheiter for fagleg utvikling
- løn etter avtale
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- mangfaldig arbeidsplass, både i bakgrunn, erfaringer og livsfaser
- ambisiøs, nyskapande og berekraftig arbeidsplass
- faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Hanne Marthe Espe, leiar, 99769453, Hanne.Marthe.Espe@vlfk.noArbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5192395090
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bb498066-5658-42e2-a75f-36dc38e11203
- Sist endret
9. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1c983b09d2374d9599df7f663d7382ad