Rådgjevar/seniorrådgjevar - Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
Høgskulen på Vestlandet
Inndalsveien 28, 5063 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar/seniorrådgjevar - Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 13. oktober
Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er det ledig mellombels stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i 2 år ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett
Stillinga inngår i Institutt for idrett, kosthald og naturfag, og er tilknytta Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet med campus Bergen som arbeidsstad. Oppstart i stillinga er snarast og med varigheit i 2 år, med moglegheit for forlenging.
Frå hausten 2026 aukar vi innsatsen vår på ein meir praktisk og fysisk aktiv skule gjennom ei auka tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Arbeidet er ein del av regjeringa si oppfølging av Stortingsmelding 34 (2023-24) om ein meir praktisk skule. Vi skal setje i gang, følgje opp og evaluere utviklingsprosjekt i skular som skal stimulere til ein meir praktisk og fysisk aktiv skulekvardag. Samarbeidet med skulane skal bidra til kompetanseutvikling, erfaringsdeling og inspirasjon. Målet er praksisendring i skulane og stimulere til læring, motivasjon og trivsel for elevane.
Den utlyste stillinga kommer til å bidra i dette arbeidet i tillegg til arbeidsoppgåver inn mot andre delar av senteret si verksemd og ansvarsområde, og med både barnehage, SFO og skule i eit heilheitleg perspektiv.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
- Bidra i kompetanseutviklingstiltak og samskaping med skular om praktisk og fysisk aktiv skule
- Nettverksamarbeid, erfaringsdeling og formidling
- Administrative oppgåver i samband med prosjektgjennomføring
- Utvikle og formidle digitalt støtte- og rettleingsmateriell og kompetanseutviklingstiltak primært retta mot skule
- Bidra i og gjennomføre oppgåver knytt til nasjonalt og regionalt arbeid med leik, fysisk aktivitet og måltidsarbeid i barnehage, skule og SFO, og med skulefaga mat og helse og kroppsøving
- Rapportering, formidling og publikasjonar (rapportar, policy briefs, retningslinjer og presentasjonar i ulike forum)
- Institusjonsbyggjande arbeid medrekna fagadministrative oppgåver og samhandling med eksterne partnarar
- Aktivt bruke digitale verktøy i arbeidskvardagen
Det vil bli noko reising i stillinga.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
- Høgare utdanning på minimum masternivå innanfor eit relevant fagområde for stillinga (lærarutdanning, utdanningsvitskap, folkehelse, fysisk aktivitet, sosiologi eller andre nærliggande fag)
- Dokumentert erfaring frå arbeid i/med grunnskulen
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Ønska kvalifikasjonar:
- Erfaring frå prosjektarbeid
- Erfaring frå utviklingsarbeid relevant for stillinga
- Erfaring med formidling/kommunikasjonsarbeid
- Kompetanse innan praktisk og fysisk aktiv undervisning
- Kunnskap om skulesektoren og norsk skulestruktur
- Kunnskap om skulepolitikk
- Digitale ferdigheiter
Vi ser etter deg som:
- kan arbeide både sjølvstendig og i team, ta initiativ og vere ein pådrivar
- er fleksibel og løysingsorientert
- har evne til å arbeide strukturert og systematisk
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er omgjengeleg og med evne til å trivast i eit travelt miljø
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande oppgåver i samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer
- Ei stilling som legg til rette for å lære seg nye ferdigheiter
- Moglegheit for å jobbe tett opp mot direktorat og departement
- Varierte arbeidsoppgåver
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordninger i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for trening i arbeidstida og andre tilsettgoder og fordelar
- Gode lokaler tilpassa varierte arbeidsoppgåver
Stillinga er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434 - rådgjevar. For spesielt godt kvalifiserte søkarar kan
stillingskode 1364 - seniorrådgjevar vurderast.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg dokumentere at utdanninga samsvarar med norsk bachelor-, master-eller ph.d.-grad. Sjå www.hkdir.no for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning.
HK-dir tilbyr automatisk godkjenning for enkelte gradar frå utvalde land. Dersom utdanninga til søkjaren er dekka av ordninga med automatisk godkjenning, vil det vera tilstrekkeleg å leggje ved dokumentasjon på dette. Du kan lese meir om ordninga med automatisk godkjenning her.
Vi gjer merksam på at søknad om vurdering gjennom den ordinære godkjenningsordninga til HK-dir kan ta tid. Du bør difor sende søknad om godkjenning så raskt som mogeleg når du veit at du vil søkje på stillinga. Dersom du ikkje har fått svar frå HK-dir innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK-dir om at dei har motteke søknaden din.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Arbeids- og opphaldsløyve i Norge er ein føresetnad for å tiltre stillinga.
Høgskulen på Vestlandet er underlagt eksportkontrollforskriften. Forskrifta kan komme til anvending i behandlinga av søknadane.
Vi tek atterhald om at stillinga si plassering i organisasjonen kan bli endra som følgje av ev. justeringar i HVL si interne organisering.
Inkludere, utfordre og samhandle
Les meir på våre heimesider.Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 16 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 5 700 studentar og 500 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.
Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 110 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord. Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse.
Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar.
Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning.
Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.
Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet er ein del av instituttet.
Hovudmålet med senteret sitt arbeid er å styrke barnehage, SFO og skule som helsefremjande og inkluderande arena gjennom å bidra til å gi auka kompetanse og inspirasjon for arbeidet med mat og måltid og fysisk aktivitet og for faga kroppsøving og mat og helse. Som ein del av dette gjennomførast ulike kompetanseutviklingstiltak i samarbeid med barnehagar, SFO og skule, samt utvikling og formidling av digitalt rettleiings- og støttemateriell til målgruppene. Formidlinga er i hovudsak nettbasert og vert formidla via fleire nettsider; mhfa.no, aktivitetskassen.no, faltastisk.no, aktivibarnehagen.no, og svømmedyktig.no. Vi arbeider òg tett med nasjonale myndigheiter og følgjer opp fleire satsingar frå Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet og samarbeider med Helsedirektoratet og Utdanningsdirektoratet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d6dbcec7-2cbc-42dd-a0ec-8366fd73bfa3
- Sist endret
22. september 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10310049